www.eid.vgs.no

Taretråling

Tråling etter tare vert regulert etter regionale hausteforskrifter fastsett av Fiskeridirektoratet. Hausting vert regulert ved inndeling i felt som rullerer slik at kvart felt er opent for taretråling kvart femte år.

Hausteperioden for kvart felt er frå 1. september til 31. august.

Tarefelta går fram av Fylkesatlas. Kva felt som til ei kvar tid er open for hausting er regulert i Forskrift om høsting av tare, Sogn og Fjordane.

Forskrift om hausting av tare i Sogn og Fjordane fylke skal reviderast kvart femte år, og det er fylkeskommunen som har ansvaret for å førebu dette revisjonsarbeidet og utarbeide framlegg til forskrift som sendast Fiskeridirektoratet for fastsetting.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Elisabeth Aune
Seniorrådgjevar
elisabeth.aune@sfj.no
952 76 339

Relaterte lenker