Gut vert behandla i tannlegestol

Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tannhelserapport til høyring

Utgreiingsrapporten «Tannhelsetenesta – ein framtidsretta klinikk- og tenestestruktur» skal på høyring i februar og mars. Det vedtok finansutvalet den 27. januar.

Rapporten syner korleis ein kan utvikle ein moderne og kvalitetsorientert  tenestestruktur for tannhelsetenesta fram mot 2019. Høyringa er først og fremst retta mot kommunane og aktuelle fagforeiningar, og høyringsperioden er frå 1. februar til 18. mars.

​Målet med omstillingsarbeidet er å utvikle ein klinikk- og tenestestruktur som kan gje innbyggjarane i Sogn og Fjordane stabile, offentlege tannhelsetenester av høg fagleg kvalitet. Arbeidet  er ein del av SFJ 2019, omstillingsprosjektet i fylkeskommunen fram mot 2019. Ei arbeidsgruppe med representantar frå tannhelsetenesta, tillitsvalde og fylkesrådmannen står bak rapporten.

– Rapporten viser både det innsparingspotensiale som vi treng og ei framtidsretta tannhelseteneste som har god kvalitet og fleksibilitet. Vi legg den no ut på høyring for å få innspel, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Innsparingspotensiale

Utgreiinga syner eit årleg økonomisk innsparingspotensiale for tannhelsetenesta på elleve millionar kroner. Innsparinga skal takast innanfor det samla budsjettet for tenesteområdet. Her har utgreiinga sett nærare både på klinikkstrukturen og reduksjon i bemanninga innanfor administrasjon og leiing.

Ny klinikkstruktur

I dag er det offentlege tannhelseklinikkar i kvar kommune i fylket, i nokre kommunar fleire klinikkar. Andre fylke vi kan samanlikne oss med har eit klart høgare tal innbyggjarar per tannklinikk. Utgreiinga foreslår ein ny klinikkstruktur der ein går frå 28 til 17 tannklinikkar frå 1. januar 2018.

Denne modellen følgjer ein nasjonal moderniseringstrend innanfor tannhelseområdet, der ein legg vekt på fagleg utvikling og ei meir samordna rekruttering til attraktive fagmiljø. Brukarane vil og oppleve meir stabile tenester ved t.d.  ferieavvikling og sjukefråvær, større tilgjenge med utvida opningstider og utvikling av tenestene med omsyn til kvalitet og utstyr.

Høyring og fylkestingshandsaming

No går altså rapporten ut på høyring. Innspel frå høyringsrunden tas med i det vidare arbeidet. Etter høyringa vert det lagt opp til at fylkestinget handsamar utgreiinga som ei eiga sak.

Du kan lese heile rapporten her

Saksframlegg i finansutvalet 27. januar 2016

Jenny Følling
Fylkesordførar
Jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven