40-50 ungdommar med sykkel, hjelm og gule refleksvestar. Foto: Statens vegvesen

Foto: Statens vegvesen

Sykkelby

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen har teke initiativ for å få etablert sykkelbyavtalar i fleire kommunar i fylket.

Sykkelbyavtalen er ein avtale om eit forpliktande samarbeid om konsentrert innsats for meir sykling. Målet er å oppnå synlege resultat på auka sykkelbruk på kort og lang sikt.

Å legge til rette for meir sykkelbruk gir stor samfunnsnytte. Aktiv transport er raskt og praktisk, gir betre helse, bidreg til meir levande by- og tettstadsmiljø og mindre forureining.

Det er inngått sykkelbyavtale med Førde kommune i 2012 som vil bli forlenga med to år. I 2015 vart det inngått sykkelby avtale med Flora kommune.

På nasjonalt nivå er det eit etablert eit sykkelbynettverk. Dette er eit fagleg nettverk for kompetanseheving og kunnskapsoverføring mellom Statens vegvesen, fylkeskommunar og kommunar. Målet er å legge til rette for meir sykling.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no