www.eid.vgs.no

Elevforsøk på kjemilab

Elevforsøk på kjemilab

Studiespesialiserande

Utdanningsprogram for studiespesialisering passar godt for deg som trivst med teoretiske fag som norsk, fremmandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialiserande har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule.

Studieførebuande linje gjev deg eit solid grunnlag for å studere vidare ved høgskule eller universitet, både i Noreg og i utlandet. På Eid vgs ynskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studier gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel!

Studieførebuande ved Eid vgs

Skulen har to paralellklassar, kvar med 30 elevar. På Vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag).  På Vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To av faga må være innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Som valfritt programfag kan du også velje å vere med på skulemusikalen i faget Teaterproduksjon1 eller vere med på turar i faget Friluftsliv1.

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skuleegang, får du generell studiekompetanse. Da kan du søke opptak på høgskule og universitet. Somme studier krev at du vel spesielle fag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfagene du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.

Det første året, Vg1

Du må ha 30 timer i løpet av året. Hvis du ønsker kan du i tillegg velge Teknologi og forskingslære1 eller Teaterproduksjon1. Du må velje mellom matematikk 1P (praktisk) eller matematikk 1T (teoretisk) og andre framandspråk.

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:

  • Engelsk:  standpunktkarakter på vitnemål
  • Norsk:
  • Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk)  standpunktkarakter på vitnemål
  • Naturfag: standpunktkarakter på vitnemål
  • Samfunnsfag:  standpunktkarakter på vitnemål
  • Geografi:  standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: ei økt i veka
  • Framandspråk: nivå1 tysk, nivå 2 tysk eller nivå 2 spansk

Det andre året, Vg2

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg2 utgjer halvparten av veka. Resten av faga kan du velge sjølv. Fellesfaga er:

  • Norsk
  • Historie
  • Kroppsøving
  • Framandspråk: nivå 1 tysk, nivå2 tysk, nivå2 fransk, nivå2 spansk, standpunktkarakter på vitnemål (viss du ikkje må ha språk på vg3)
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): standpunktkarakter på vitnemål (viss du tek realfagsmatematikk R1, skal du ikkje ha matematikk 2P)

Programfag du kan velgje på vg2 er:

  • internasjonal engelsk
  • økonomistyring
  • medie- og informasjonskunnskap 1
  • sosiologi og sosialkunnskap
  • matematikk R1
  • kjemi 1
  • biologi1
  • fysikk1
  • teaterproduksjon1
  • friluftsliv 1

Det tredje året, Vg3

Fellesfag på Vg3 er også halvparten av veka. Resten er programfag.

Fellesfaga er:

  • Norsk: standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie: standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion: standpunktkarakter på vitnemål

Programfag du kan velje er:

  • samfunnsfagleg engelsk
  • økonomi og leiing
  • medie- og informasjonskunnskap 2
  • politikk og menneskerettar
  • sosialkunnskap
  • matematikk R2
  • kjemi 2
  • biologi 2
  • fysikk 2
  • teaterproduksjon 1
  • friluftsliv 1

 

Valfritt programfag på vg2 / Vg3

Dei valfrie faga kaller vi programfag. Du må ta 2 fag innanfor ditt programområde (anten realfag eller språk, samfunn- og økonomifag)som du har over 2 år. I tillegg kan du velge ett programfag til uavhengig av programområde.  Du kan lese om dei ulike programfag på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ottar Bjørkedal
415 30 953

ottar.bjorkedal@sfj.no