Eid vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Studiespesialisering
Elevforsøk på kjemilab

Elevforsøk på kjemilab

Studiespesialiserande

Utdanningsprogram for studiespesialisering passar godt for deg som trivst med teoretiske fag som norsk, fremmandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialiserande har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule.

Studieførebuande linje gjev deg eit solid grunnlag for å studere vidare ved høgskule eller universitet, både i Noreg og i utlandet. På Eid vgs ynskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studier gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel!

Studieførebuande ved Eid vgs

Skulen har to paralellklassar, kvar med 30 elevar. På Vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag).  På Vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To av faga må være innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Som valfritt programfag kan du også velje "skulemusikal" eller breiddeidrett.

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skuleegang, får du generell studiekompetanse. Da kan du søke opptak på høgskule og universitet. Somme studier krev at du vel spesielle fag. For mange studie er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfagene du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.

Det første året, Vg1

Du må ha 30 timer i løpet av året. Hvis du ønsker kan du i tillegg velge breddeidrett eller "skulemusikal" musikk/dans/drama.

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:

  • Engelsk: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Norsk: 4 timar
  • Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Naturfag: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Samfunnsfag: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Geografi: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: nivå1 tysk/nivå 2 spansk, fransk, tysk

Det andre året, Vg2

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg2 er tilsammen 15 timer. Resten av faga kan du velge sjølv. Fellesfaga er:

  • Norsk: 4 timar
  • Historie: 2 timar
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: nivå 1 tysk/nivå2 spansk, fransk, tysk, standpunktkarakter på vitnemål
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): standpunktkarakter på vitnemål (bortfaller dersom Realfagsmatematikk 1 eller Samfunnsfaglig matematikk 1 er valgt)

Det tredje året, Vg3

Fellesfag-/obligatoriskefag på Vg3 er også 15 timar som du ser punktvis nedenfor. Resten er valfritt fag / programfag.

  • Norsk:  6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål

Valfritt programfag på vg2 / Vg3

Dei valfrie faga kaller vi programfag. Du må ta 2 fag som du har over 2 år (tilsammen 10 timer per uke). I tillegg kan du velge ett fag til uavhengig av programområde (5 t/v).  og  Totalt skal du ha 30 timer hver uke. Eksempel: Dersom ein tek 35 timar første året, 30 timar andre året så kan ein klare seg med 25 timar på vg3. Du kan lese om dei ulike programfag på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ottar Bjørkedal
415 30 953

ottar.bjorkedal@sfj.no