Tre kajakkar i Nærøyfjorden. Foto: Knut Henning Grepstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Strategi

Visjonen for reiselivsutviklinga fram mot 2025 er berekraftige naturopplevingar i verdsklasse. 

Reiselivssatsinga til fylkeskommunen er forankra i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014–2025.

Verdiskapingsplanen trekker fram tre hovudmål for reiselivsutviklinga:

  1. auka verdiskaping
  2. fleire heilårsarbeidsplassar
  3. eit meir berekraftig reiseliv

For å nå desse måla rettar fylkeskommunen reiselivssatsinga inn i mot sju strategiske handlingsområde:

  • Samhandling: det skal arbeidast mot tydelegare struktur og betre samkøyring i og mellom dei ulike nivåa i reiselivet.
  • Berekraftig reiseliv: det skal arbeidast mot tydlegare samanheng mellom auka lønsemd i reiselivet, trivsel i lokalsamfunna og redusert miljøbelastning.
  • Produktutvikling: det skal bli fleire vandreprodukt i vid forstand som er lett tilgjengelege og differensierte i pris og tilrettelegging.
  • Infrastruktur og fellestiltak: det skal bli enklare å ta seg rundt med kollektivtilbod, på sykkel og til fots for turistane.
  • Marknadskommunikasjon: Sogn og Fjordane skal vere eit eksotisk heilårsreisemål for utlendingar og eit heilårs temareisemål for nordmenn.
  • Kunnskap og kompetanse: reiselivsnæringa og kunnskapsmiljøa skal etablere ei kunnskapsklynge for reiseliv i fylket som tilbyr kompetansehevande kurstilbod og masterstudie.

Verdiskapingsplanen vert følgt opp med fireårige handlingsplanar og årsplanar med detaljert omtale av prosjekt og enkelttiltak.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingeborg Lysne Mcevoy
Rådgjevar
Ingeborg.Lysne@sfj.no
90634837

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00