www.eid.vgs.no

Støtte til FoU-prosjekt

Laupande søknadsfrist
Trinn 1: send inn melding til fylkeskommunen om interesse for ordninga : e-post: arne.monrad.johnsen@sfj.no
Trinn 2. få tilsendt søknadsskjema og få tilbod om rådgjeving
Trinn 3: opprett søknad på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet og send inn søknad saman med utfylt søknadsskjema.

Søknadstype 1:
STØTTE TIL FOU-PROSJEKT AV TYPE EKSPERIMENTELL UTVIKLING
Med eksperimentell utvikling meinast alle former for bruk av relevant kunnskap for å drive utviklingsarbeid illustrert i figuren med gult, trinn 6-10. Det kan vera å utvikla prototypar i kontrollerte miljø (6) eller pilotar i realistiske miljø (7), når slik utvikling ikkje krev forsking. Det kan det vera støtte til demonstrasjonar av pilotar (8), testing og utvikling av pilotar (9) og til dokumentasjon og sertifisering av det ferdig utvikla produktet – innovasjonen (10).

FoU-prosjekt ring

Søknadstype 2:
STØTTE TIL FORUNDERSØKINGAR AV FOU-PROSJEKT
Dersom du har laga ein plan for eit FoU-prosjekt, og du er usikker på om metodikken eller opplegget er godt og effektivt, for å få sikre svar på forskingsspørsmåla eller utviklingsspørsmåla, så kan det vera lurt å prøva ut deler av prosjektet i ei forundersøking. I VRI4 gir vi slik støtte til FoU-prosjekt av type eksperimentell utvikling, trinn 6 til 10 i innovasjonsprosessen (figuren)

Les meir om FoU-prosjekt, forundersøkingar og statsstøtte på nettsidene til Forskingsrådet

 

FOR BEGGE SØKNADSTYPANE

Bedrifter og nettverk innanfor dei prioriterte satsingane kan søkja

Arbeidsgruppa vil prioritera søknader som har gjennomført dei føregåande trinna i innovasjonsprosessen, trinn 1-4, og som kan legge fram resultat frå dei ulike analysane. Trinnvariantar kan aksepterast.

FoU-prosjekt av type eksperimentell utvikling kan få inntil kr 100.000 etter reglane for statsstøtte. Det tyder at store ​bedrifter kan få 50% støtte, mellomstore 60% støtte og små bedrifter 70% støtte. Bedrifter som kan vise til unnatak i statsstøtteregelverket kan få 100% støtte.

Forundersøkingar kan få inntil kr 50.000 i støtte. Inntil 50% støtte til kvart prosjekt.

Det er utvikla eit søknadsskjema for ordninga for å skildre prosjektet.  Dette får du tilsend når du tek kontakt med fylkeskommunen. Prosjektskildringa skal vera vedlegg til søknaden som vert oppretta på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet. Dette skal skje frå nettsida til programmet «FORREGION». NB! Forskingsrådet kallar desse små FoU-prosjekta for forprosjekt.

Prosjektperioden kan vera inntil 12 månader

Vurderingskriterium:
1. Prosjektorganisering og gjennomføringsevne
2. FoU-miljøet sitt bidrag i prosjektet
3. Regional relevans
4. Potensial for videre arbeid med forskning eller samarbeid med forskningsinstitusjoner
5. Addisjonalitet
6. Samla vurdering

Ved søknad til Forskingsrådet er fylgjande vedlegg obligatoriske:

1.CV for prosjektleiar
2.Søknadsskjema fått av fylkeskommunen
 

Andre krav til søknaden:

1. Utstyr kan ikkje støttast
2. Eigenfinansiering kan vera både timer og kontantar
3. Timekostnader skal vere faktisk utbetalt løn

Søknader – prosedyre og handsaming:

1. Søknaden startar ved å melde si interesse til via e-post til prosjektleiar arne.monrad.johnsen@sfj.no
2. Søkjar får tilsendt søknadsskjema og tilbod om rådgjevar.
3. Søknaden vert oppretta på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet og sendt til Forskingsrådet elektronisk frå nettsida. Hugs obligatoriske vedlegg, CV og prosjektskildring.
4. VRI4 arbeidsgruppa vurderer søknadane og innstiller på støtte eller avslag
5. Forskingsrådet vurderer arbeidsgruppa si innstilling, og kjem med tilrådingar
6. Fylkeskommunen sender ut tilsegnsbrev eller avslagsbrev
7. Fylkeskommunen fylgjer opp prosjekt som får støtte fram til sluttrapportering og sluttutbetaling.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kontakt Sogn og Fjordane:

Arne Monrad Johnsen
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker