Steinfelt på timeplanen

Steinfelt på timeplanen

Steinfeld på timeplanen

Hans-Wilhelm Steinfeld kjem til Eid vgs onsdag 9. november kl 12.30. Han skal ha eit times langt foredrag i kinosalen med temaet "NRK-korrespondent i Moskva- 1/2-parten av mitt liv". 

 

Steinfeld skal forelese for elevane på vg3 stud.spes. med påbygg, som har historie som fag. Dei vil få ei god innføring i siste del av den Kalde Krigen, som er eit aktuelt eksamenstema. I tillegg vil elevane på Medie- og Informasjonskunnskap I og II få eit godt innblikk i kva som krevst for å bli ein dyktig journalist. Mange av elevane har også Politikk og menneskerettar som fag, og desse vil få ein god sjanse å forstå betre dagens situasjon sett i lys av historia.

Det er også flott å få den prisvinnande journalisten på besøk dagen etter det svært spennande presidentvalet i USA. Steinfelt er kjend for å vere ein svært god nyheitsformidlar, ein eigenskap som kjem vel med når ein skal undervise elevar. Difor kan både foredraget og spørjerunden etterpå bli både livleg og interessant.

 

Onsdag kveld kl. 20.00 skal Steinfeld ha foredrag i Operahuset med tema «Russiske røvarhistorier». Dette er ope for alle interesserte.

 

Tips ein ven Skriv ut