Foto: Hordaland Fylkeskommune

Foto: Hordaland Fylkeskommune

Stabil søking til vidaregåande

4009 søkjarar med ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring i skule i Sogn og Fjordane skuleåret 2017–18. Det er 502 søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift.

Søkjartala til opplæring i både skule og bedrift er på nivå med tala i fjor. Sogn og Fjordane har 4234 elevplassar i vidaregåande skule.

271 søkjarar utan ungdomsrett har søkt dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Desse kan få plass når dei vidaregåande skulane overtek inntaket i august, dersom det vert ledige plassar.

Syner førstevala

Til vidaregåande opplæring vg1 har søkjarar med ungdomsrett rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram dei har søkt på. Vidare har søkjarane rett til to år vidare opplæring innanfor same utdanningsprogram. Ungdomsretten gjeld vidaregåande tilbod i heile fylket, men den er ikkje knytt til ein særskilt skule.

Primærsøkjartala som i dag er offentleggjorde, syner fyrstevala til søkjarar med ungdomsrett. Tala viser såleis ikkje fordelinga av søkjarane til det einskilde tilbodet ved inntak til vidaregåande skule.

Søking til andre fylke

Av søkjarane med ungdomsrett i Sogn og Fjordane har 139 søkt skular i andre fylke som fyrsteval, det er ein nedgang på tre frå i fjor. Det gjeld søkjarar gjennom Hordalandsavtalen, søkjarar til landslinjer, søkjarar til private vidaregåande skular og søkjarar til tilbod vi ikkje har i Sogn og Fjordane.

Kor mange søkjarar frå Sogn og Fjordane som har søkt til andre fylke etter innføringa av friare skuleval veit vi ikkje. Søknadar til andre fylke er skilt frå søking til heimfylke, så slik oversikt vil ein først ha etter skulestart.

Søkjarar til vidaregåande opplæring vg1

Det er i år auke i søkinga til bygg- og anleggsteknikk, idrettsfag og helse- og oppvekstfag, service og samferdsel og naturbruk. Det er stor nedgang i søkinga til elektrofag, 43 færre enn i fjor. Også til studiespesialisering og design og handverk er det nedgang i søkinga.

Søkinga til vg2 og vg3 er i hovudsak resultat av søkinga til utdanningsprogramma åra før.

Til vg3 påbygging til generell studiekompetanse er det 19 fleire søkjarar enn i fjor (197 i år mot 178 i fjor).

Det er 23 søkjarar til påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse ved Årdal vidaregåande skule. Desse har ikkje ungdomsrett, men rett til å få plass i det særskilte tilbodet.

Søkjarar til opplæring i bedrift

Sogn og Fjordane har intensjonsavtalar om 827 læreplassar i bedrift. Det er i alt søkjarar til 54 ulike lærefag.

Desse lærefaga har auke i søkinga

  • Helsearbeidarfaget
  • Industrimekanikarfaget
  • Salsfaget
  • Kokkfaget
  • Dataelektronikarfaget
  • Bilfag, lette køyretøy
  • Anleggsmaskinførarfaget

Desse lærefaga har nedgang i søkinga

  • Produksjonsteknikkfaget
  • Logistikkfaget
  • Kjemiprosessfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • Boreoperatørfaget
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Hovudutvalet for opplæring gjer vedtak om justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2017–2018 i møtet 29. mars.

Tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift.

Tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i skule.

Vidare tidsplan for inntak til skuleåret 2017-2018

  • 5. juli: Melding om første inntak
  • 13. juli: Svarfrist første inntak
  • 28. juli: Melding om andre inntak
  • 4. august: Svarfrist andre inntak
  • 14. august: Skulane tek over inntaket

For meir informasjon

Ingeborg Lie Fredheim
konstituert fylkesdirektør for opplæring
ingeborg.lie.fredheim@sfj.no
951 40 622

Tips ein ven Skriv ut