Sosiale skilnader i helse

Å motverke sosiale skilnader i helse er ei overordna og viktig oppgåve i folkehelsearbeidet som har stått høgt på den nasjonale dagsordenen i nasjonal politikk dei siste ti åra.

Likevel har vi framleis store utfordringar på dette området, og det er viktig med auka og vedvarande fokus på alle nivå og sektorar.

Skilnader i oppvekstmiljø, levekår, skule, arbeid, kultur og miljø, bidreg til at sosiale skilnader vert skapt, oppretthalde og forsterka. Helseskilnadane skuldast prosessar som går gjennom livsløpet, og skilnader vi ser i dag kan skuldast levekårstilhøve for generasjonar tilbake. Sosiale skilnader i helse er eit resultat av at resursane i samfunnet vert ulikt fordelt. Dei er såleis urettferdige og samfunnsskapte, og er eit gjennomgåande samfunnsproblem.

Helseskilnader finn ein ikkje berre hjå dei svakast stilte i samfunnet. Dei viser seg som ein gradient gjennom heile befolkninga, og gjeld oss alle. Skilnadane heng saman med utdanningsnivå, arbeidstilknytning, inntektsnivå og sosial status, der kvart steg opp eller ned på den sosiale rangstigen betyr betre eller dårlegare helse. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette