Eid vidaregåande skule
Foto: Frode Romerheim

Foto: Frode Romerheim

Søknad om skuleskyss 17/18

Dersom avstanden mellom heim/hybel og skule er 6 km eller meir har du rett på skuleskyss. Som elev ved vidaregåande skular skal du kvart år søkje om skuleskyss.

Har du allereie skuleskysskort frå vidaregåande skal du bruke det same kortet til hausten. Du må likevel søkje om skuleskyss før kvart skuleår.

 

 

Slik søkjer du om skuleskyss:

1.       Logg inn på Vigo

2.       Svar Ja på spørsmålet om skuleskyss innan 1. august.

Etter 1. august kan du ta kontakt med skuleskyss@sfj.no eller skulen for å søke om skuleskyss.

Du er registrert med di adresse frå folkeregisteret. Dersom du bur på hybel og har rett på skuleskyss, ta kontakt med skulen.

Skuleskyssreglementet finn du på kringom.no/skuleskyss.

 

Slik sjekkar du avstand:

Dersom du er i tvil om avstanden er 6 km eller meir, kan du måle avstanden på fylkesatlas.no.

1.       Klikk på denne knappen

2.       Skriv inn gateadresse ev. kommunenr/gardsnummer/bruksnummer og namnet på skulen her:

Tips ein ven Skriv ut