Eid vidaregåande skule
Søking til Vigo

Søknad om skuleplass 2018-19

Frå torsdag 4. januar kan du søkje vidaregåande opplæring på www.vigo.no.

Du finn nyttig informasjon i søkjarhandboka for skuleåret 2018-19.

Vedlegg til søknad

Dersom det er informasjon om deg som den vidaregåande skulen bør vere kjend med, men som du ikkje får med i vigo-søknaden, så sender du dette direkte til fylkeskommunen i skjemaet under.

Grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom

Grunnskule for minoritetsspråkleg (GMU) ungdom er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som har behov for meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Du kan lese meir om tilbodet her. Du treng ikkje å søkje på vigo.no dersom du vil søkje GMU.

For asylsøkjarar

Det digitale skjemaet over krev personnummer. Asylsøkjarar - som ikkje har personnummer - må difor nytte skjemaet under:

Ettersending av dokumentasjon

Dersom du har dokumentasjon til søknaden som du ikkje fekk sendt inn innan søknadsfristen, så kan du bruke skjemaet under her for å sende inn dette. Skjemaet kan nyttast av alle.

Inntakstelefon

Inntakstelefon har nummer 57 63 81 00 og er open frå 12.00 til 14.00.

Tips ein ven Skriv ut