Illustrasjon som syner dagsturhytta som skal byggjast i alle kommunane i fylket. Hytta har form som ein trekant, men blant anna trappetrinn på taket ute.

Illustrasjon: Rojo Arkitekter

Søkjer byggmeister til dagsturhyttene

Sogn og Fjordane fylkeskommune har lyst ut anbod om bygging, frakt og montering av dagsturhytter i alle kommunane i fylket.

Det nærmar seg realisering av dagsturhyttene, som skal på plass i alle kommunane i fylket dei neste to åra. Dei første hyttene skal monterast på seinsommaren eller hausten i år – i Balestrand, Flora, Førde, Gloppen, Jølster og Luster.

Fylkeskommunen har lyst ut ein avgrensa tilbodskonkurranse etter del I og II i forskrift om offentlege anskaffingar. Planen er at hyttene skal byggjast i modular, som så skal fraktast til staden der dei skal stå og monterast der.

Todelt konkurranse

Konkurransen er todelt, og fristen for innlevering av del 1 er 19. mai. Tilbydarane vert først vurderte etter fleire kvalifikasjonskriterium, mellom anna produksjonslokale, lagerkapasitet, leveringsdyktighet og krav til bruk av lærlingar.

Minst tre tilbydarar vert då vurdert som kvalifiserte og blir invitert til å vere med i del 2 konkurransen, som er ein priskonkurranse. Omfanget av kontrakten er om lag 15 millionar kroner og har ei varigheit på fire år. Konkurranse er lyst ut på Doffin.

Hausten 2016 gjennomførte fylkeskommunen ein arkitektkonkurranse for teikning av dagsturhyttene, der Rojo Arkitekter i Trondheim vart valt ut som vinnar.

Dagsturhytteprosjektet er finansiert med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, spelemidlar og kommunal eigenandel.

Les òg

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00