Søking

Her er nokre viktige punkt å hugse på før du søkjer vidaregåande opplæring.

Fristar

  • Søknad til ordinær vidaregåande opplæring: 1. mars på vigo.no
  • Søknad til ordinær vidaregåande opplæring med vedleggsskjema: 1. februar
  • Søknad til grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom: 1. mars
    • Frist for ettersending av norskdokumentasjon: 25. juni
  • Søknad til vaksenopplæring i vidaregåande opplæring på vigo.no: Løpande inntak.
    • Dersom du søkjer før 1. mars, kan du tidlegast få inntak i august.
    • Søkjer du før 1. september, kan du tidlegast få inntak frå januar.

Norsknivå

  • Det er ingen krav om norsknivå for inntak til vidaregåande opplæring vg1.
  • Vi anbefaler likevel eit B1-nivå i munnleg og skriftleg norsk for å kunne gjennomføre opplæringa. For å gå vidare til vg2 i eit opplæringsløp, må du ha bestått i alle fag frå vg1. Om du har eit norsknivå under B1-nivå, vil dette kunne vere særs utfordrande.
  • For inntak til grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom, må du dokumentere minimum A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg.

Vilkår for deg som søkjer ungdomsrett

For å få ungdomsrett, må eitt av desse tre vilkåra vere oppfylt:

  1. Du må vere skriven ut av norsk grunnskule.
  2. Du har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år og kan dokumentere dette.
  3. Du har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1.

Om punkt 2 ikkje er oppfylt, sender fylkeskommunen saka til kommunen du er busett i. Kommunen skal avklare om du har realkompetanse etter punkt 3.

Du kan lese meir om dette i forskrift til opplæringslova § 6-13.

Vilkår for deg som søkjer vaksenrett

Vaksne som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, og som ikkje har eller får godkjent vidaregåande opplæringa fullført i eit anna land, har rett til vidaregåande opplæring. Dette gjeld vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod.

Les meir i opplæringslova  4A-3.

Krav til engelskkunnskapar

Det er krav til engelskkunnskapar tilsvarande norsk grunnskule for å få inntak til vidaregåande opplæring for vaksne. Dette må du dokumenterast med vitnemål eller ei realkompetansevurdering. Les meir om dette på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00