www.eid.vgs.no

Tilskotsordning til klima- og miljøtiltak

Tilskotsordninga er styrka med 2 millionar kroner, og det er no mogeleg å søke om midlar til gjennomføring av gode prosjekt og tiltak. Det vert gitt tilskot til gode prosjekt og tiltak innanfor klima og miljø.

Midlar blir løyvde til prosjekt og arbeid som bidreg til oppfølginga av Regional plan for klimaomstilling.

Klimautfordringane er ein var dei største utfordringane vi menneskjer har stått ovanfor, men i møtet med utfordringar ligg det også mogelegheiter. Det er no mogeleg å søke om midlar for å gjere Sogn og Fjordane smartare, tryggare og grønare.

Regional plan for klimaomstilling blei vedtatt i fylkestinget 13. juni 2018. Planen set føringar for korleis Sogn og Fjordane skal ta fatt på jobben med å klimaomstille seg. Ordninga for klima- og miljøtiltak blei i samband med dette styrka slik at vi disponerer om lag 2 millionar kroner i tilskotsmidlar for 2018.

Midlar blir løyvde til prosjekt, tiltak og arbeid som byggjer opp under Regional plan for klimaomstilling med tilhøyrande plandel og handlingprogram. Det vert ikkje sett tematiske avgrensingar til søkeordninga, i håp om å kunne fange opp eit breitt spekter av søkarar. Dersom ditt prosjekt eller tiltak kan bidra til at fylket når måla sine knytt til regional plan, har du no høve til å søke om midlar frå fylkeskommunen. Tilskotsordninga skal fremje initiativ til handling for klimaomstilling og berekraftig utvikling av fylket. Konkrete, handlingsretta tiltak, haldningsskapande arbeid og klimatiltak i kommunar vert prioritert.

Gode og konkrete miljøtiltak vert også vurdert under denne søkeordninga.

Korleis søkje?

Du må søkje elektronisk gjennom nettsida www.regionalforvaltning.no, under Tilskotsordning til klima og miljøtiltak.

Kriterium og krav til søknad

Søknadar innan klima og miljø må bidra til å følgje opp måla og tiltaka i Regional plan for klimaomstilling og bidra til at Sogn og Fjordane skal klimaomstille seg.

Du kan søkje om støtte til prosjekt:

  • som bidreg til ei styrka satsing på klimatiltak og klimaomstilling i fylket
  • som støttar opp under regionale planar og mål
  • som har god kvalitet, og der søkjar har god gjennomføringsevne
  • der tilskotet har utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet

Fylkeskommunen legg vekt på miljøprofil, klimaomstilling og berekraft ved tildeling av midlar. Prosjekt som dekker fleire kommunar eller heile fylket vil bli prioritert. Prosjekta må kunne dele av erfaringane sine til andre likande prosjekt.

Tilskotet kan dekke kostnader direkte knytte til realisering av prosjektet. Tilskotet kan ikkje dekke drift av næringsverksemd eller organisasjonar. Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er normalt 50 prosent.

Søknadsfristar

Søknadane vert handsama fire gonger i året. Det kan vere lurt å vere ute i god tid før fristen i fall du må levere meir informasjon før søknaden kan handsamast.

Søknadsfristane er:

  • 15. januar
  • 15. april
  • 15. august
  • 15. oktober

Saksgang 

Søknadar innan klima og miljø blir handsama administrativt av plansjefen. Ved behov vert søknadar saksbehandla i samarbeid med nærings- og kulturavdeling og politisk handsama i hovudutval for næring og kultur.

For meir informasjon om tilskotsordninga, saksgang og kriterium og krav til søknad.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Tekniske spørsmål

Stig Vattekar
rådgjevar
stig.vattekar@sfj.no
971 89 995

Relaterte lenker