Slik stemmer du

Stortingsvalet er 11. september 2017. Nokre kommunar har også val søndag 10. september.

Har du stemmerett?

Desse har stemmerett ved stortingsvalet:

  • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2017 og som er, eller har vore, registrerte i folkeregisteret som busette i Noreg.
  • Personen må ikkje ha mist stemmeretten etter Grunnlova §53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrerte som busette i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme må du stå innført i manntalet i ein kommune.

Når kan du stemme?

Du stemmer på valdagen 11. september (og eventuelt 10. september i dei kommunane som har todagars val). Du kan førehandsstemme i perioden 10. august til 8. september.

Dersom du ikkje har moglegheit til å førehandsstemme eller stemme på valdagen, kan du også stemme i perioden 1. juli til 9. august. I så fall må du på førehand avtale tid med kommunen der du ønskjer å stemme.

Kvar kan du stemme?

På valdagen må du stemme i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2017.

Du kan førehandsstemme i kva kommune du vil. Dersom du er i utlandet og ikkje får førehandsstemt i Noreg, kan du gjere dette på mange av dei norske utanriksstasjonane.

Slik stemmer du på valdagen ved stortingsval

På valdagen 11. september (og 10. september i kommunar der det er todagars val) må du stemme i den kommunen du er manntalsført i. Du er manntalsført i den kommunen der du var folkeregistrert som busett den 30. juni 2017.

Kommunen kunngjer kvar vallokalet ditt er, og kor lenge det er ope. Merk likevel at du kan stemme i kva vallokale som helst i kommunen.

Du må ta med deg legitimasjon! Det er ikkje nødvendig med valkort, men det forenklar arbeidet til valfunksjonærane dersom du tar det med, og det går raskare for deg å røyste.

Slik gjer du når du røystar ved stortingsvalet:

  1. Ta den stemmesetelen du vil bruke.
  2. Gjer eventuelle endringar på stemmesetelen (sjå rettleiinga).
  3. Brett saman stemmmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut. Då kan ingen sjå kva du stemmer. Du skal ikkje bruke konvolutt eller anna omslag, fordi stemmesetlane skal stemplast.
  4. Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av stemmesetelen. 
    Stemmesetelen må ha stempel for å bli godkjend.
  5. Legg sjølv den stempla stemmesetelen i urna.

Hjelp til å stemme

Dersom ein veljar har behov for hjelp til å stemme, kan veljaren be om hjelp frå ein valfunksjonær. Valfunksjonærane har teieplikt. Veljarar med alvorleg fysisk eller psykisk funksjonshemming, kan i tillegg peike ut ein ekstra hjelpar – etter eige val – blant dei som er til stades. For å beskytte veljarar mot utidig press skal det alltid vere ein valfunksjonær til stades når veljarar får hjelp ved stemmegivinga.

Tilgjengelegheit

Kommunane legg vallokala til rette slik at alle veljarar skal få stemme. Kommunane skal bruke vallokale som er lett tilgjengelege, og der alle veljarar kan ta seg inn utan å måtte be om hjelp. Dersom det ikkje finst lokale som veljarane kan ta seg inn i utan å måtte be om hjelp, og det ikkje er mogeleg eller det vil vere uforholdsmessig dyrt å gjere lokala tilgjengelege for alle veljarane, kan ein nytte andre lokale.

Treng du hjelp i vallokalet, kan du spørje ein valfunksjonær. Sjuke og uføre kan søke kommunen om å få førehandsstemme heime. På valdagen kan veljarar som ikkje er i stand til å ta seg inn i vallokalet, stemme rett utanfor vallokalet. Då vil to valfunksjonærar kome ut og ta imot stemma.

Det skal også vere god tilgjengelegheit for alle veljarar inne i vallokalet. Til dømes skal blinde og svaksynte kunne stemme utan å måtte be om hjelp. Det er opp til kommunane sjølve å bestemme korleis dei legg til rette i vallokalet. Kommunane blir oppmoda til å legge stemmegivinga til rette for blinde og svaksynte ved å nytte stemmeavlukke med stemmesetelkassettar merkte med lappar med listeoverskrifta i punktskrift for blinde og storskrift for svaksynte. 

Kvar kan du førehandsstemme?

Det er mogleg å førehandsstemme på dei fleste norske utanriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hjå stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Valdirektoratet.

Mange generalkonsulat og konsulat er honorære representantar for Noreg utan norskspråkleg personell. Kontortida varierer og kan vere avgrensa til få timar og dagar i veka. Veljarar som ønskjer å stemme der, blir derfor oppmoda om å kontakte konsulata på førehand for å avtale tid for førehandsstemming.

Meir informasjon og oversikt over kvar du kan førehandsstemme i utlandet finn du her.

Førehandsstemme heime

Sjuke og uføre som ikkje kjem seg til vallokalet i førehandsstemmeperioden, kan søke kommunen om å få stemme der dei oppheld seg. Det held at ein ringer kommunen og ber om å få stemme der ein oppheld seg fordi ein er sjuk eller ufør. Kommunen kunngjer når fristen for å søke er – eit tidspunkt mellom tysdag og fredag den siste veka før valdagen.

Stemme i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Veljarar som ikkje er i heimkommunen på valdagen 11. september 2017, kan førehandsstemme anten i Noreg, i utlandet, på Svalbard eller Jan Mayen.

Veljarar som er busette i utlandet, eller som oppheld seg mellombels i utlandet, kan førehandsstsemme hjå utanriksstasjonar eller stemmemottakarar som er oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Valdirektoratet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå måndag 3. juli til og med fredag 1. september 2017.

På Svalbard har Sysselmannen bestemt at siste frist for å stemme på førehand er 1. september.

Du er sjølv ansvarleg for å stemme så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan klokka 17.00 dagen etter valdagen. Hugs difor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med, er legitimasjon.

Kven kan du stemme på?

Desse partia stiller til val i Sogn og Fjordane i år:

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Marit Silje Husabø
valansvarleg
marit.silje.husabo@sfj.no
971 73 379

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713