Annette ser litt redd ut før første skuledag.

Skulen MIN!

No har vi på Fylkesarkivet og kulturavdelinga til Fylkeskommunen arbeidd med skuleprosjektet, Skulen min, i snart eit år. Sjølv meiner eg at eg fann gullbilletten i sjokoladen då eg fekk vere med som prosjektmedarbeidar. Eg har fått reise fylket rundt og snakke med folk om noko som engasjerer alle. Alle har gått på skule og alle har noko å fortelje. Som oftast er det gode minner, men av og til får vi innblikk i såre augneblinkar for ein ung skuleelev. Og vi må aldri gløyme den hellskotes snøen på 30-talet!

Ikkje nok med det! Eg har fått gjere djupdykk i arkiva til Fylkesarkivet. Kvar kommune har si særskilde skulehistorie. Kvar dag lyt eg galoppere rundt i gangen på jobb og fortelje kva eg har funne ut i ein ny protokoll. Eg har funne foreldre som har stole skulehuset i nattas mulm og mørke, skuleelevar som må ro frå Solund til Hyllestad for å gå på skule og mykje meir.

Under dette arbeidet tek eg meg av og til å tenkje på mine eigne skuleminner. Eg har også ein skule som er min. Den var ikkje så verst heller. Som oftast slår eg meg til ro med at eg er alt for ung til å nå fram på aktualitetsbarometeret til skuleprosjektet. Det er jo først den gamle skuletida vi er ute etter å dokumentere. Den skuletida som dagens unge ikkje lenger har nokon føresetnad for å forstå. Men må historia vere gamal for å vere interessant?

Annette og Slåtten skule.JPG

Skulen min er Slåtten skule i Førde. Og eg er ikkje så reint lite historisk når det kjem til denne skulen. Eg var blant dei første 1.klassingane som tok til på skulen, august 1994! Skulen var faktisk så ny at dagen etter innskrivinga laut vi gå to veker på Førde barneskule før vi for alvor kunne ta til på skuletida vår på Slåtten.

Dagen for første skuledag var det strålande vær, store sommarfuglar i magen og eg hadde fått nye klede. Huset vårt låg knappe 10 meter frå skulen, så nokon skuleveg kan eg knapt skryte på meg. Alle foreldre og elevar var samla på skuleplassen hugsar eg. Mamma var streng og sa at eg ikkje fekk sitje på bakken i dei nye kleda. Litt lenger borte sat ei jente med raudt hår og same skulesekk som meg nettopp på bakken. Tenk å ha så greie foreldre! Jenta heiter Rakel og i ettertid vil eg nok tru at hennar foreldre også hadde gitt ho beskjed om å ikkje sitje på bakken. Eg syntes Rakel var så kul og vart så glad når ho bestemte at vi skulle bli bestevennar. Til tider angra vi nok på bestevenn-pakta, men i dag er eg veldig glad for den avgjersla.

Skulejenter.jpg

For ein førsteklassing var Slåtten skule skikkelig stor. Det var ikkje alltid like lett å hugse at ein måtte springe over til gymbygget når det var gymnastikk. Det var også to forskjellige hus for dei minste og dei største elevane. Eg hugsar at huset med dei store elevane var litt skummelt og at eg grua meg til å skulle bytte hus etter 2.klasse. Då vi i tillegg fekk beskjed om at vi måtte bytte lærar såg eg ganske mørkt på tilværet.

Sommaren med mørke tankar om buksevatn og slemme 4-klassejenter slo heldigvis feil. Etter kvart vart eg også veldig nøgd med læraren vår. Jon Olav Leira viste meg at det faktisk var ganske lurt å lære seg å lese, noko eg ikkje hadde sett vitsen med tidlegare. Jon Olav var sjølvsagt utruleg streng og teit til tider. Det var lite forståing for at vi ønskte å spele ferdig fotballkampen før vi kom inn til neste time. Men eg tek meg i å hugse dei gode minna best. Det beste minnet var den tida han las for oss medan vi åt nista vår, då las han Den hemmelige hagen av Frances Hodgson Burnett. Det var fortryllande å høyre om prosjekta til Mary og Colin medan skiva med kaviar vart eten så seint ein klarte for at lesestunda skulle vare så lenge som mogleg.

I løpet av arbeidet med skuleprosjektet har eg merka meg at det først og fremst er dei fine skuleminna folk vil fortelje. Når vi spør om noko var vondt eller ein lærar var dårleg har folk mindre å dele med oss. Og her sit eg og gjer akkurat det same. Det er dei fine stundene ein hugsar best. Eg klare ikkje bestemme meg for om det er bra eller dårleg for dokumentasjonen for ettertida. Kva trur du? Er det dette som er årsaka til at alt var betre før? 

Annette sin første skuledag 01.jpg

Kommentarer