Foto av varsellys med skilt. Dette står på skiltet: STOPP ved raud blink. Skredfare. Foto: Vegard Bondevik Lie/Statens vegvesen

Foto: Vegard Bondevik Lie/Statens vegvesen

Skredsikring

I 2012 la Statens vegvesen fram rapporten «Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest».

Rapporten er ei fagleg tilråding og eit grunnlagsdokument for utarbeiding av handlingsprogram for riks- og fylkesvegar.

Føremålet med Statens vegvesen sin rapport var å få fram

  • ein samla oversikt over skredutfordringane
  • eit fagleg grunnlag til og prioritering av skredpunkta
  • ein samla oversikt over behov for skredsikring

Det vart registrert 683 skredpunkt på riks- og fylkesvegnettet i region vest ved utgangen av 2011. Om lag halvparten av skredpunkta er på vegnettet i Sogn og Fjordane. Det vart registrert 49 skredpunkt på riksvegnettet og 274 skredpunkt på fylkesvegnettet .

Med utgangspunkt i Statens vegvesen sin rapport har Fylkestinget vedteke følgjande prioriteringsliste for skredsikringsprosjekt for perioden 2014-23:

  1. Fv. 337 Bjødnabakken/Lindeskreda Luster kommune
  2. Fv. 55 Renninganeset Balestrand kommune.
  3. Fv. 722 Flovegen Stryn kommune:
  4. Fv. 53 Jåteli Årdal kommune.
  5. Fv. 55 Kjenes Balestrand kommune: Alternativ løysing med bru over Esefjorden.
  6. Fv. 609 Heilevang Askvoll kommune
  7. Fv. 92 Arnafjord Vik kommune.
  8. Fv. 616 Davikstranda

Det fylkeskommunale aktivitetsnivået innan skredsikring skal tilpassast dei statlege tilskota til føremålet. Det er ikkje rom for å bruke ordinære fylkeskommunale midlar til investering i skredsikring.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no