Foto som skal illustrere folkehelse. Det syner tre ungar på fjelltur. Den eine står og støttar seg til og legg steinar på ein liten varde, dei to andre plukkar bær i lyngen bak. Foto: Den norske turistforening/www.flickr.com

Foto: Per Tore Molvær/Den norske turistforening/www.flickr.com

Seminar om oppfølging av folkehelselova

Kommunane i Sogn og Fjordane er inviterte til dagsseminar om arbeidet med oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar på i Førde 1. mars. Sjå opptak av seminaret her.

Seminaret er på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde og startar klokka 10.00. Her kan du sjå seminaret i opptak.

Styrke folkehelsearbeidet

Folkehelseoversikt er det sentrale utgangspunktet for eit kunnskapsbasert og treffsikkert folkehelsearbeid, der målet er å utvikle helsevenlege samfunn. Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet står bak initiativet til seminaret, som vert gjennomført i nært samarbeid med fylkeskommunen og Fylkesmannen.

Bakgrunnen er at undersøkingar, kartleggingar og tilsyn viser at det er behov for å styrke arbeidet med folkehelseoversikt i kommunane.

Erfaringsutveksling

Seminaret vil hovudsakleg bestå av innlegg/presentasjonar, men det vert òg tid til spørsmål og diskusjon i plenum, og at kommunane kan dele erfaringane sine. 

Arrangørane legg opp til ein grunnleggande gjennomgang av blant anna

  • føremålet med folkehelseoversikt
  • kva oppgåva inneber
  • samanhengen med oversikt og planlegging etter plan- og bygningslova
  • organisering og forankring av arbeidet, med erfaringar frå kommunane

Seminaret er relevant for folkehelsekoordinator/-rådgjevar, planleggarar, kommunelege og ev. andre som er involverte i det praktiske arbeidet med folkehelseoversikt.

Sjå heile programmet for seminaret.

For meir informasjon

Anne-Lene Norman
anne-lene.norman@sfj.no
415 30 378

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette