www.eid.vgs.no

Seminar og møteplassar

Fylkeskommunen legg til rette for fleire faste møteplassar for fiskeri- og akvakulturnæringa i Sogn og Fjordane.

Miljøseminaret i Florø

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer kvart år i februar til miljøseminar for akvakulturnæringa i Florø. Seminaret blir arrangert i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fiskeridirektoratet og Sjømat Norge.

Presentasjonar

Her legg vi ut presentasjonane frå miljøseminaret kvar år.

Ta kontakt med Frode Hovland (frode.hovland@sfj.no) for meir informasjon om miljøseminaret.

Nor-Fishing

Kvart anna år har Sogn og Fjordane fylkeskommune lagt til rette for ein fellesstand slik at bedrifter frå fylket kan få høve til å presentere seg på eit område i ein attraktiv hall under fiskerimessa i Trondheim. Fylkeskommunen har lagt inn opsjon på areal i hall D under Nor-Fishing 2018.

Ta kontakt med Frode Hovland (frode.hovland@sfj.no) for meir informasjon om fylkesstanden på Nor-Fishing.

Meir informasjon om Nor-Fishing finn du også på nettsida til messa.

Aqua-Nor

Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte også i år, saman med dei tre andre fylkeskommunane på Vestlandet, ein fellesstand for akvakulturnæringa på Vestlandet under Aqua-Nor-messa i Trondheim.

Arrangementet fann stad i august 2017, og meir enn 20 bedrifter var representerte på standen. Det var ein sjømatbar som serverte smaksprøvar, det vart arrangert ein sosial møteplass på kveldstid, vi hadde fagprogram, og ein føremiddag fekk dei ulike utstillarane høve til å presentere bedrifta si og produkta sine i løpet av ti minuttar.

Fylkeskommunen ser det som verdifullt at bedrifter tilknytta akvakulturnæringa får dette høvet til å vere til stades den største akvakulturmessa i Europa. Vi har allereie lagt inn opsjon på areal for Aqua-Nor 2019. For nærare informasjon om deltaking, ta kontakt. 

For meir informasjon om Aqua-Nor, ta kontakt med Lena Søderholm på e-post lena.soderholm@sfj.no.

Meir informasjon om Aqua-Nor finn du også på nettsida til messa.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lena M. Søderholm
Fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Frode Hovland
Seniorrådgjevar
frode.hovland@sfj.no
959 92 695

Relaterte lenker