www.eid.vgs.no

Selskapsvognløyve

 Slikt løyve gir innehavar rett til å drive persontransport mot vederlag med motorvogn registrert for inntil ni personar.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som har mynde til å tildele selskapsvognløyve.

I Sogn og Fjordane kan det tildelast inntil fem selskapsvognløyve. Fylket har utarbeidd eigne retningsliner med omsyn til kva bilar som kan bli godkjent som selskapsvogn. Bilen som skal nyttast til selskapsvogn skal synast fram for samferdsleavdelinga for godkjenning.

Det skal berre nyttast eksklusivt materiell godkjent av fylkeskommunen.

Skriftleg søknad om selskapsvognløyve må sendast til postmottak@sfj.no.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Monica Åsnes
Førstekonsulent
monica.asnes@sfj.no
952 07 751

Relaterte lenker