Redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle foreleste for elevane ved Eid vidaregåande skule

Redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle foreleste for elevane ved Eid vidaregåande skule

Sannheten er krigens første offer

Redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle foreleste i ettermiddag til elevar ved Eid vidaregåande skule om den journalistiske debatten om sannning og løgn.

Stanghelle meiner at media i framtida blir meir og meir på nett. Han fortel at det er eit problem når politikarar gøymer seg bak falske nyhende. Han viser til Listhaug: «Dette er fake news», når ho kommenterer urettferdige titlar. Stanghelle er eining med kulturministeren som seier at politikarar er nøydd til å tole kritikk.

Harald Stanghelle seier det i dag er ein diskusjon om «fake» news».  Kven set dagsorden? Eit mektig næringsliv, politikarar eller ulike krefter som har ein bestemt eller skjult agenda. Har media ein plass i dette?

-          Media har eit fortrinn, dei er stort sett uavhengige, seier Stanghelle.

Det gjer noko med eit samfunn om ein undergraver den uavhengige journalistikken.

-          Då blir det kaos, seier han. Han meiner at Ver-varsom-plakaten står sterkt i Norge.

Han fortel at den amerikanske presidenten Donald Trump trampar på media. «Media er folket sine fiendar», påstår han.

-          Det er ein kamp om fakta, er ein kamp om verdiar, seier Harald Stanghelle. Han seier ein redaktør bør føle skamkjensle når ein blir teken i løgn. Han fortel det er vanskeleg å få tak i kva som er fakta når journalistar rapporterer frå krig. Han har sjølv gjort dette frå Libanon i si tid. - Sannheten er krigens første ofre, seier han.

 
Tips ein ven Skriv ut