Foto av fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla framfor tingveggen på tingstaden Gulatinget i Gulen. Steinhellene i bakgrunnen er lyste opp med grønt lys.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på tingstaden Gulatinget etter det felles møtet 27. oktober 2017. (Foto: Gøril Sætre)

Samla på Gulatinget på ny

«Hordaland og Sogn og Fjordane blir eitt. Eit kvarttusen år sidan sist. I soga er hundreåra små.» Slik helsa Fridtjov Urdal dei 88 fylkestingsrepresentantane frå dei to fylka, då dei markerte samanslåinga på tingstaden Gulatinget.

Politikarane og dei andre gjestene vart ønskte velkomne med trompetfanfare av Are Ovesen då dei kom til den historiske tingstaden.

– Uavhengig av tilnærming til nytt fylke, trur eg alle hadde ei flott oppleving. Det er viktig for det vidare arbeidet. Gulatinget var den rette ramma for markeringa, og kulturinnslaga bevegde alle, sa fylkesordførar Jenny Følling. 

Historisk grunn

På Gulatinget møttest dei til tingsete, tingmennene frå Sogn og Fjordane og Hordaland – og etter kvart også Rogaland, Agder, Sunnmøre, Setedal, Hallingdal og Valdres. Her la dei fram sakene sine og drøfta politiske saker som skattlegging, vegbygging, militære plikter og mykje anna. Dei var samla årleg fram til 1300-talet.

27. oktober 2017 var dei samla her igjen. Både tingmenn og -kvinner frå Sogn og Fjordane og Hordaland, som frå 1. januar 2020 vert Vestlandet fylkeskommune. Etter eit historisk møte og historiske vedtak på Dalsøyra tidlegare på dagen, markerte dei samanslåinga på sjølvaste gulatingsstaden. Programmet vart leia av Sigrid Moldestad, oppvaksen i Nordfjord, busett i Bergen.

Foto av Sigrid Moldestad som les frå ei bok i ein mikrofon. Ho er kledd i svart, og det er blått lys i rommet rundt ho.
Sigrid Moldestad var konferansier og framførde sjølv ein song heilt til slutt i programmet. (Foto: Gøril Sætre)

Nytt nybrotsarbeid

– Då lovene vart utforma her, var det nybrotsarbeid. Det me skal i gang med no er òg nybrotsarbeid. Det kviler eit stort og tungt ansvar på oss for å greie å rigge ein ny og sterk vestlandsregion, som blir betre og har meir slagkraft, og som brukar heile området og alle ressursane, sa fylkesordførar Jenny Følling.

Ho og kollega Anne Gine Hestetun i Hordaland helsa forsamlinga og signerte gulatingsprotokollen. Begge la vekt på at det hadde vore ein flott dag, at dei to fylkestinga hadde gjort solide vedtak, og at dette var startskotet for det vidare, viktige arbeidet.

– Dette er ein skikkeleg dag for feiring. Vi er på historisk grunn og har gjort historiske vedtak med solid fleirtal. Vi har velsigna intensjonsplanen og har nådd første milepæl med å gjennomføre samanslåinga. Det er no jobben startar ilag, slo Hestetun fast.

Foto av fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland som signerer gulatingsprotokollen etter det felles drøftingsmøtet i oktober 2017. Til høgre for ho står fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane, og til venstre står dagleg leiar ved Gulatinget, Anne Hopland.
Fylkesordførarane signerer gulatingsprotokollen. (Foto: Gøril Sætre)

Tradisjon og friske rytmar

Dei to fylkestinga og inviterte gjester var samla i eit stort telt på Gulatinget, og vestlendingar som dei er, var det ingen som brydde seg om regnet som slo mot både tak og veggar. Inne var det tørt, og stemninga steig etter kvart som kunstnarar frå både Sogn og Fjordane og Hordaland framførte flotte innslag frå scena.

Songar Annika Beinnes hadde med seg Jon Kristian Bye på piano og framførte Solveigs sang frå Peer Gynt. Karl Seglem underheldt med saksofon og bukkehorn og fekk med seg publikum på både knipsing og andre rytmar. Med seg på scena hadde han heile tida medårdøl og hardingfelespelar Håkon Høgemo.

Det forholdsvis ferske bergensbandet 9 grader nord med røter frå Sri Lanka stod for avslutninga frå scena, og publikum kunne gå ut i det vestlandske regnet med sør-asiatiske rytmar innabords.

Foto av Karl Seglem på saksofon og Håkon Høgemo som spelar hardingfele.
Karl Seglem på saksofon og Håkon Høgemo på hardingfele. (Foto: Gøril Sætre)

Usemja er drivfjøla

Og så var det tidlegare nemnde Fridtjov Urdal då. Som såg skrått på både Sogn og Fjordane og Hordaland, på sunnfjordingar, strilar, sulingar, hardingar, sogningar, etnebuar, stryningar, bybuar og fjordfolk.

Alt i første setning siterte han Jon Fosse og slo fast at «nokon kjem til å verte misnøgde», og nokon er alt misnøgde. Før han avslutta med ein liten hyllest til ulikskap og usemje.

– Ulikskapen gjer oss sterke som eining og samfunn. Når semja vert for brei, vert ho farleg. Det gjeld òg saker ein sjølv er samd i. Usemja er drivfjøra i alt byggjande arbeid. Det visste dei som samlast her og bygde lov og rett. Ein skal koste på krangel og usemje. Då brynets tankar det er verdt å einast om, sa Urdal.

Kåseriet Fridtjov Urdal heldt på Gulatinget 27. oktober 2017 kan du lese her.

Foto av Fridtjov Urdal som kåserer. Han står ved ein mikrofon og eit notestativ som held notata sine. Han er kledd i dress og skjerf, og det er blått lys i rommet.
Fridtjov Urdal. (Foto: Gøril Sætre)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713