Foto: Rolf M. Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Rolf M. Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Samhandling for Grønt Skifte

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune samarbeidet med Statens Vegvesen Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NVE Region Vest, KS Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking kring prosjektet «Samhandling for Grønt Skifte». Vi er ute etter kommunar som ynskjer å delta i prosjektet, og ser potensialet i å kombinere arbeidet opp mot prosjektet med eiga planlegging og lokal klimaomstilling.

Prosjektet vil invitere kommunane i Sogn og Fjordane til eit regionalt samarbeid om:

  1. å analysere utfordringane som ligg i å omstille samfunnet til null utslepp av klimagassar innan utgangen av dette hundreåret og tilpassing til eit meir krevjande klima
  2. å utvikle strategiar for å få til det grøne skiftet der kommunane og regionale styresmakter kan møte desse utfordringane
  3. å styrke kunnskapen om korleis ta avgjerder under usikkerheit i klimaarbeidet

Samarblogo.PNG

Nivået på dei norske - og globale - utsleppa av klimagassar er langt frå å utvikle seg i den retninga som FNs klimapanel seier er naudsynt om verda skal nå målet om maksimalt 2 grader global oppvarming. Norge er også langt frå å gjennomføre dei tiltaka som er naudsynte for å tilpasse samfunnet til verknadane av dei forventa klimaendringane.

Den siste hovudrapporten frå FN sitt klimapanel må forståast slik at tida er i ferd med å renne ut for at samfunnet kan klare seg med «justeringar» for å kome seg ut av klimaproblema; samfunnet må førebu seg på den situasjonen at det kan bli naudsynt å gjere radikale omstillingar. Det trengst eit krafttak for å få oversyn over dei langsiktige omstillingsutfordringane klimaproblemet fører med seg for norske lokalsamfunn, og det trengst eit krafttak for å utvikle strategiar for korleis lokalsamfunna på sikt kan omstille seg til å møte desse utfordringane.

I desember 2015 fekk prosjektet 3 millionar frå Regionalt Forskingsfond. Søkar og prosjekteigar er Sogn og Fjordane fylkeskommune. Prosjektleiar i fylkeskommunen er Plansjef, Synnøve Stalheim. Fylkeskommunen vil i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ha hovudansvar for å drive fram dei lokale prosessane. Vestlandsforsking er fagleg ansvarleg for prosjektet. Prosjektleiar ved Vestlandsforsking er professor Carlo Aall. Prosjektet vert leia av ein styringsgruppe med representantar frå følgjande organisasjonar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NVE Region Vest, KS Sogn og Fjordane og Statens Vegvesen Sogn og Fjordane. Vidare vil det bli oppretta ei forskargruppe med følgjande deltakarar frå Vestlandsforsking: Kyrre Groven, Idun Andersen, Halvor Dannevig (alle på klima) og Guttorm Flatabø (på IT). Vidare vil Eli Heiberg og Lisbeth Dahle delta frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF).

Den overordna ideen i prosjektet «Samhandling for grønt skifte» er få fram ny kunnskap om vilkåra for at kommunane kan spele ein viktig rolle i arbeidet med å klimaomstille samfunnet, og samstundes leggje til rette for at dette kan skje i dei kommunane som er involvert i prosjektet. Men kommunane er ikkje i stand til å løyse denne oppgåva aleine. Prosjektet vil difor utvikle nye former for tettare samarbeid mellom lokale og regionale styresmakter som tek i bruk den nyaste klimakunnskapen innafor rammene av dagens system for overordna planlegging og samfunnsutvikling. Stikkordet for denne nye måten å arbeide på er «samhandling», og fokuset vil vere på lokal samfunnsutvikling og planlegging.

Hovudmål:

Styrke kunnskapen om vilkår for, og utvikle nye metodar for lokal klimaomstilling.

Delmål:

  1. Bringe fram ny kunnskap om kva typar omstilling som kan vere naudsynt å gjennomføre for særleg klimasårbare lokalsamfunn.
  2. Utvikle ein ny heilskapleg tilnærming til det lokale klimaarbeidet som knyter saman det å redusere klimagassutslepp, å redusere sårbarheita for klimatiltak, å redusere sårbarheita for eit tøffare klima og det ordinære arbeidet lokalt med samfunnsutvikling
  3. Utvikle ei ny tilnærming til handtering av klimausikkerheit i samfunnsutvikling og planlegging som går ut på å mestre heller enn å kontrollere usikkerheita.
  4. Utvikle nye arbeidsmetodar for å ta vare på og aktivisere lokal kunnskap som er viktig for det lokale klimaarbeidet.
  5. Utvikle ei ny samhandlingsbasert arbeidsform mellom lokale og overordna styresmakter for å styrke vilkåra for klimaomstilling av kommunane i Sogn og Fjordane.
  6. Utvikle ny kunnskap om kva det grøne skiftet kan innebere av nye perspektiv

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette