Samarbeidspartar

Fylkeskommunen har eit ansvar med å tilrå og samordne tiltak for å fremje trafikktrygging i fylket, men vi er ikkje einaste aktøren i dette arbeidet.

For å få god effekt på dette området, er det viktig med godt samarbeid med alle aktørar som arbeider med trafikktrygging. Fylkeskommunen og fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) samarbeider med følgjande sentrale aktørar om trafikktryggleik:

Politiet

Politidistrikt, lensmannskontor og UP arbeider med kontroll av førarar, køyretøy og trafikkopplæring i barnehagar og skular. Politiet etterforskar og rapporterer trafikkulukker med personskader og har vedtaksmynde for ein del trafikkregulerande tiltak.

Statens vegvesen

Statens vegvesen planlegg og gjennomfører ei rekkje trafikktryggingstiltak på riks- og fylkesvegar. Midlane til riksvegar kjem frå staten, medan midlane til fylkesvegtiltak kjem frå fylkeskommunen. Staten deltek også med tilskot til trafikktryggingstiltak på fylkesvegar og kommunale vegar. Trafikkavdelinga har òg ansvar for trafikkmessige tilhøve ved køyretøy og trafikantar.

Kommunane

Kommunane har ansvaret for trafikktryggingsarbeidet på kommunale vegar og for å fremje trafikktryggingsarbeidet på riks- og fylkesvegar. Kommunane har utarbeidd eigne trafikktryggingsplanar der trygg og god skuleveg har høg prioritet. Kommunane har ansvaret for barne- og ungdomsskulane.

Busselskapa/drosjenæringa

Busselskapa/drosjenæringa står som den utøvande part i transport til og frå skulane, og er ansvarleg for å utføre skuleskyssen. Dei er ansvarlege for transport av personar og at standarden på transporten og bussane til ei kvar tid oppfyller dei krav og retningsliner som gjeld. Drosjenæringa har ei viktig oppgåve med trygg transport av spesielt unge og eldre.

Trygg Trafikk

Trygg Trafikk er ein landsomfattande organisasjon for det frivillige trafikktryggingsarbeidet. Trygg Trafikk fungerer som eit bindeledd mellom dette og dei offentlege myndigheitene. Dei arbeider for å oppnå best mogleg trafikktrygging for alle grupper av trafikantar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkeslegen har kontakt mot den kommunale helsetenesta og tek del i viktig haldningsskapande og førebyggande trafikktryggingsarbeid. Fylkesmannen har mellom anna ei sentral rolle i høve førarkort og sjåføren si helse.

Fylkesmannen skal også informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av mellom anna skular etter opplæringslova og privatskulelova.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no