Eid vidaregåande skule
Kystlotteriet

Ryddeaksjon 20. og 21.6.

Naturvernforbundet m.fl har no gått saman om å starte opp Kystlotteri for fylket. Dette er ei ordning som skal motivere folk til å rydde fjører, strender og langs vassvegar

Heile skulen deltar og er delt i to grupper, ei ryddar onsdag og ei torsdag. 

Informasjon om Kystlotteriet: 

Dei aller fleste kommunane i Sogn og Fjordane, Naturvernforbundet m.fl har no gått saman om å starte opp Kystlotteri for fylket. Dette er ei ordning som skal motivere folk til å rydde fjører, strender og langs vassvegar. Ordninga går ut på at ein hentar særskilte sekkar og lodd. Når ein har rydda, leverer ein inn avfallet saman med loddet. Loddet vert med i lokale og ei nasjonal trekning av premiar som: reiser, overnattingar, turar, konsertbillettar, kinobillettar, kurs og andre gode opplevingar. Den nasjonale trekninga vert gjennomført i november. Gevinstane vert sponsa av næringsliv, organisasjonar og støtteordningar. Vinnarane i lotteriet vil verte kontakta direkte på bakgrunn av kontaktinformasjonen dei fyller ut på lodda. Nomil er med i ordninga, og gjenbruksstasjonane vil i normal opningstid vere utleveringsstad for utstyr og mottak for avfallet.

Ordninga gjeld i tidsrommet 1.april - 31.oktober (kvart år)

Meri informasjon om ryddeaksjonenen finn du på Kystlotteriet og Hold Norge rent www.kystlotteriet.no www.holdnorgerent.no 

Tips ein ven Skriv ut