Ruteløyve

Sogn og Fjordane fylkeskommune er løyvestyresmakt for fylkesoverskridande ruter dersom løyvesøkjar har forretningsadressa si i Sogn og Fjordane og ruta gjeld i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvaret for å handsama alle saker som gjeld å tildele og sjå til drifta av løyve for persontransport i rute for all fylkesintern buss-, båt- og fylkesvegferjedrift i alle kommunane i Sogn og Fjordane, herunder takst og tilskot.

Dersom ruta gjeld i eit anna fylke, skal den fylkeskommunen kor endepunktet for ruta er eller kor ein reknar med at hovuddelen av trafikkgrunnlaget er, behandle søknaden (sjå rundskriv N-3/2006). Vegdirektoratet er løyvestyresmakt for riksvegferjer.  

Den som vil utføra kollektivtransport («persontransport i rute med motorvogn eller fartøy mot vederlag») må ha løyve frå løyvestyresmakta.

Etter §12 i yrkestransportforskrifta, tredje ledd, skal søkar ved søknad om ruteløyve betale eit behandlingsgebyr til den fylkeskommunen som handsamar ruteløyvesøknaden. Saksbehandlingsgebyret vert ikkje returnert, korkje ved negativt utfall av søknaden eller ved innlevering av løyve.

Ruteløyve er behovsprøvd. Det vil seia at talet på løyve er underlagt politisk vurdering. Ved søknad om ruteløyve vert saka førebudd av samferdselsavdelinga for hovudutval for samferdsle.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no