Illustrasjon av fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane.

Revidert delegeringsreglement

Fylkestinget reviderte no i juli delegerings- og innstillingsreglementet til fylkeskommunen.

All mynde i ein fylkeskommune er forankra i fylkestinget. Nokre avgjerande vedtak kan berre gjerast av fylkestinget sjølv, men dei aller fleste avgjerder kan delegerast til andre organ. I praksis må mange avgjerder delegerast til administrasjonen for at fylkeskommunen skal kunne vere operativ.

Systemet i dette reglementet er at fylkestinget delegerer noko mynde til fylkesutvalet eller hovudutvala og noko mynde til fylkesrådmannen. Fylkesutvalet og hovudutvala har høve til å vidaredelegere sitt mynde til fylkesrådmannen dersom ikkje anna er bestemt.

Fylkesrådmannen har vidaredelegert mykje av myndet sitt til fylkesdirektørane m.fl. Vidaredelegeringa er i reglementet markert med raud skrift og understreking i teksten.

Delegerings- og innstillingsreglementet til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven