Rett til vidaregåande opplæring

Om du har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje, kjem an på kva du har av skulegang og utdanning frå før. Du må ha lovleg opphald i Noreg for å ha rett til vidaregåande opplæring. Asylsøkjarar mellom 16 og 18 år, som ventar på å få behandla søknad om opphaldsløyve, har også rett til vidaregåande opplæring.

Rett

Du kan ha rett til vidaregåande opplæring i Noreg dersom

  1. du har fullført norsk grunnskule
  2. du har minst ni år med grunnskuleutdanning frå utlandet og kan dokumentere dette
  3. du har realkompetansevurdering på grunnskulenivå

Hugs at

  • ungdomsrett gjeld for deg mellom 16 og 24 år
  • vaksenrett gjeld for deg over 25 år og føreset engelskkunnskapar på nivå med norsk grunnskule.
  • du bør ha eit norsknivå på B1 før oppstart. Dersom du ikkje har det, bør du ta meir norskopplæring før du søkjer ordinært inntak. Om du er mellom 16 og 24 år kan du også søkje grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom.

Meir grunnskuleopplæring

Du kan ha rett til meir grunnskuleutdanning hjå kommunen dersom du ikkje har fullført norsk grunnskule eller minst ni år med grunnskuleutdanning frå utlandet. Les meir om det i opplæringslova § 4A-1.

Fullført vidaregåande opplæring

Dersom du har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, har du også rett til vidaregåande opplæring.

Les meir om dette på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00