www.eid.vgs.no

Del av reguleringsplan i Førde kommune. Kart.

Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan er eit detaljert arealplankart med føresegner for bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader.

Reguleringsplanar skal vedtakast av kommunestyret, men kan utarbeidast både av offentlege og private aktørar. Reguleringsplanar skal handsamast etter bestemte reglar for medverknad, og skal oversendast fylkeskommunen for uttale.

Uttale frå fylkeskommunen

Plan- og bygningsloven legg opp til medverknad i planprosessar. Fylkeskommunen ønskjer seg godt samarbeid i heile planprosessen. Det er viktig å ha dialog frå tidleg tidspunkt i planprosessen. Det kan bidra til betre og meir fokuserte planer. Det kan og hjelpe til å løyse konfliktar, slik at motsegner vert unngått i størst mogleg grad.

Kulturavdelinga hjå fylkeskommunen kjem med fråsegn til alle reguleringsplanar. Råmene for deira uttale ligg i tillegg til i plan- og bygningslova også i lov om kulturminne.

Planstaben, som har ansvar for planfagleg rettleiing kjem ikkje med fråsegn til alle reguleringsplanar. Vi vurderer kva planar vi skal gje uttale til. Vi prioriterer planar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, og planar som legg til rette for endring og utvikling av sentrum i byar og tettstader. 

Planstaben utarbeidde i 2011 ein rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar. Tanken er at denne skal nyttast både av kommune og tiltakshavar, og målet er at rettleiaren skal bidra til ein tydeleg og effektiv prosess der saksgangen er mest mogleg lik for alle og sak for sak

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Torbjørn Hasund
Rådgjevar
Torbjorn.Hasund@sfj.no
930 04 685

Relaterte lenker