Regionreforma

Stortinget vedtok 8. juni regionreforma, altså ny inndeling av det regionale folkevalde nivået i Noreg. Sogn og Fjordane og Hordaland er vedtekne samanslått frå 1. januar 2020.

Sogn og Fjordane og Hordaland har alt på plass ein intensjonsplan for samanslåing etter at forhandlingsutval for fylka møttest til regionforhandlingar på Bjørnefjorden Gjestetun i Os 16. og 17. januar.

  • Fylkestinget i Sogn og Fjordane sa 2. februar ja til intensjonsplanen.
  • Fylkestinget i Hordaland gjorde også positivt vedtak i møtet sitt 3. februar.

Les heile intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Forhandlingane mellom Sogn og Fjordane og Hordaland fann stad etter at intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vart stemt ned i fylkestinget i Rogaland i desember 2016.

Krav om nye oppgåver

I intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland stiller ein tydelege krav om nye og fleire oppgåver til eit nytt og større regionalt folkevalt nivå. Intensjonsplanen seier mellom anna at eit premiss for samanslåing er at ansvaret for kollektivtransport, vidaregåande opplæring og tannhelse framleis skal ligge til regionen, og at fylkesmannsembetet si organisering må samsvare med det regionale nivået, med leiing frå Sogn og Fjordane. 

Starta med tre fylke

Regionforhandlingane på Vestlandet starta eigentleg med dei tre fylka Sogn og Fjordane, Hordalan og Rogaland. Dei forhandla fram ein intensjonsplan for samanslåing i september 2016, men denne "fall" då fylkestinget i Rogaland i desember vedtok at dei ville halde fram som eige fylke.

Vedtak i fylkestinga

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland

Høyring

Etter vedtak i fylkestinget 18. oktober var «Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland» ute på ei brei offentleg høyring i perioden 26. oktober til 23. november. Alle – privatpersonar, kommunar, lag, organisasjonar og næringslivet – fekk høve til å kome med innspel.

Her kan du lese alle innkomne høyringsfråsegner

Vegen så langt

Juni 2014:
• Stortinget ber om gjennomgang av oppgåvene til fylkeskommunane parallelt med kommunereforma.
Desember 2015
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å starte dialog med tre andre vestlandsfylke
Mars 2016:
• Fylkesordførarar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland sender brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med krav om fleire oppgåver.
• Dei tre fylka møtes til «naboprat».
April 2016: 
• Regjeringa legg fram melding til stortinget om nye regionar.
• Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane vedtek å etablere ei politisk styringsgruppe og eit forhandlingsutval for vidare drøftingar om intensjonsplan med dei andre fylka.
Mai 2016:
• Open høyring om regionreforma i kommunal- og forvaltningskomiteen.
Juni 2016:
• Kommunal- og forvaltningskomiteen legg fram innstilling om nye folkevalde regionar – rolle, struktur og oppgåver.
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek at fylkeskommunen forhandlar med Hordaland og Rogaland fylkeskommunar for å kome fram til ein felles intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane innan 01.01.2020.
• Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har sonderingsmøte
August og september 2016:
• Intensjonsplanforhandlingar:
Møte 1: Bergen, 18.-19. august
Møte 2: Stavanger, 1.-2. september
Møte 3: Førde, 14.-15. september. Dei tre forhandlingsutvala vart samde om ein intensjonsplan for ein ny Vestlandsregion.
• Møre og Romsdal fylkeskommune held avklaringsmøte med Sør-Trøndelag og Oppland
Oktober 2016:
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane legg 18. oktober intensjonsplanen ut på høyring frå 26. oktober til 23. november
• Fylkestinget i Hordaland legg 5. oktober intensjonsplanen ut på høyring frå 14. oktober til 30. november
• Fylkestinget i Rogaland legg 25. oktober intensjonsplanen ut på høyring
Oktober og november 2016:
• Høyringsperiode for intensjonsplanen
Desember 2016:
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane fylkeskommune sa ja til at Sogn og Fjordane skal gå saman med Rogaland og Hordaland i Vestlandsregionen, med intensjonsplanen til grunn. Hordaland vil også gå vidare med planane om ein sterk vestlandsregion, medan Rogaland vil halde fram som eigen region inntil vidare.
Januar 2017
• Forhandlingar mellom Sogn og Fjordane og Hordaland 16. og 17. januar. Dei to forhandlingsutvala vart samde om ein intensjonsplan for samanslåing.
Februar 2017
• Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland sa ja til intensjonsplanen i møta sine 2. og 3. februar.
April 2017
• Regjeringa la fram proposisjonen om regionreform og forslag til vedtak om ny fylkesinndeling og omtalar her også nye oppgåver og ansvar til fylkeskommunane. Regjeringa vil redusere dagens 19 fylkeskommunar til ti regionar, og mellom anna slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland. (Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå)
Juni 2017
• Stortinget vedtok ny regionstruktur, og vedtok blant anna å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland.
• Regjeringa sette ned eit ekspertutval som skal vurdere fleire oppgåver til dei nye fylkeskommunane. Fylkesrådmann Tore Eriksen er med i utvalet.
Oktober 2017
• 27. oktober blir det felles fylkestingsmøte for fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland i Gulen.

Vegen vidare

Januar 2018
• Ekspertutvalet, som skal vurdere fleire oppgåver til dei nye fylkeskommunane, skal avslutte arbeidet sitt innan 1. februar 2018.
Januar 2020
• Nye regionar og kommunar trer i kraft

Tidsline for det vidare arbeidet med regionreforma på statleg nivå

Tidslinja som pdf.

Tidslineregionreforma.JPG
Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Nyhendesaker

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713