www.eid.vgs.no

Regionalt forskingsfond

Regionalt forskingsfond Vestlandet lyser ut midlar til forsking og utvikling (FoU).

Fondet støttar forprosjekt og hovudprosjekt som har høg kvalitet, og som når opp i konkurransen med andre gode prosjektsøknader. Utlysingane er basert på bestillingar frå fylkeskommunane, og både bedrifter, kommunar og fylkeskommunar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane kan søkje.

Regionalt forskingsfond Vestlandet får middel frå Kunnskapsdepartementet, som har laga retningslinjer for fonda. I retningslinene står det at fonda skal rette seg etter bestillingsbrev frå fylkeskommunane, og ha eit samarbeid med Forskningsrådet. Vidare står det at føremåla med dei regionale forskingsfonda er å:

  • styrke forsking for regional innovasjon og regional utvikling
  • mobilisere til auka FoU-innsats innan bedrifter og offentlege verksemder på Vestlandet
  • bidra til auka forskingskvalitet og utvikling av gode og konkurransedyktige FoU-miljø på Vestlandet
  • stimulere samspel mellom aktivitet i regionen og andre nasjonale og internasjonale program og aktivitetar

I gjeldande bestillingsbrev frå fylkeskommunen, 2013-2015, er desse tema prioriterte:

  • Bærekraftig matproduksjon – grøn og marin sektor
  • Energi
  • Reiseliv
  • Innovasjon i offentlege ansvarsområde
  • Vestlandet 2025

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arne Monrad Johnsen
Seniorrådgjevar
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker