www.eid.vgs.no

Regional transportplan

Samferdsle og transport spelar ei strategisk rolle for den vidare utviklinga av fylket. Regional transportplan (RTP) omhandlar heile transportsystemet i fylket, inkludert transportformer der ansvar og verkemiddel ligg til andre forvaltningsnivå enn det fylkeskommunale. Føremålet er at RTP skal vera ein langsiktig strategiplan for transportsektoren i Sogn og Fjordane.

Utarbeiding av/revisjon av ein regional plan som transportplanen, skal følgje føresegnene i plan- og bygningslova (pbl)  Plan og bygningslova krev at det skal utarbeidast eit planprogram som avklarar innhald, prosess, medverknad og framdrift før arbeidet med sjølve planen vert starta opp.

Regional transportplan vil bestå av ein analysedel der vi ser på utviklingstrekk og framtidige utfordringar innan transportsektoren. I tillegg vil transportplanen ha eit 4-årig handlingsprogram med oversikt over planlagde investeringar i perioden. Handlingsprogrammet vil også innehalde enkelte retningsliner for ulike område som fylkeskommunen har eit ansvar for.

Regional transportplan for Sogn og Fjordane vart første gang vedtatt i fylkestinget i desember 2013, og skal reviderast kvart 4 år.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954