www.eid.vgs.no

Regional planstrategi

Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016–2020

Strategien er førande for arbeidet med den regionale planlegginga i perioden – ein plan for planane og vart vedteke i sak 23/16 i fylkestinget 14.06.16. 

Formålet med ein regional planstrategi

Planstrategien skal dekke eit regionalt behov for å finne ut kva som kan føre fylket i ynskt retning. Kommunane, regional stat, lag og organisasjonar og andre har delteke aktivt i utforminga av planstrategien. Planstrategien vil bli løfta fram som eit felles overordna styringsverkty for aktørane i fylket i planperioden, med forventning om at dette gjev seg utslag i dei interne strategiane og planane hjå den einskilde aktør. For fylkeskommunen er planstrategien ein del av den rullerande 4 års planlegging som vert kopla til økonomi- og verksemdsplanlegginga. 

Faktaboks – kva er ein regional planstrategi (RPS)? 

 

  • skal fremje heilskapleg regional utvikling og gjere planlegginga meir forpliktande og målretta
  • er ein arena for dialog og samhandling
  • skal evaluere gjeldande regionale planar for å følgje opp arbeidet på strategisk viktige område
  • skal fastsette kva regionale planar og/eller interkommunalt plansamarbeid som skal gjennomførast i planperioden
  • skal vurdere korleis fylket kan følgje opp nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging.

 

 

Utfordringar for fylket

Det er ikkje meint at Planstrategien skal fange opp alle problemstillingane det er viktig å jobbe med i fylket,  og i planprosessen vart følgjande utfordringar fastsett:

  • Globalisering og sentralisering
  • Migrasjon og inkludering
  • Kvinner, utdanning og arbeidsmarknad
  • Verdiskaping og utvikling av kunnskapssamfunnet
  • Klimaendringane

Strategiar for å møte utfordringane og dermed arbeidet for å nå måla, finn du i sjølve planstrategien, kap. 3 og 4.

Dokument

Regional Planstrategi 2016-2020
Vedlegg: Kunnskapsgrunnlag og utfordringar
Vedlegg: Evaluering av gjeldande planar og strategiar
Vedlegg: Nasjonale forventningar – korleis svarar fylket på desse?
Saksframlegg og protokoll: Vedtak av regional planstrategi 2016-2020

Det er gjort ei justering på status og framdrift av dei regionale planane. Sjå sak 34/2017 i fylkestinget.

Grunna fylkessamanslåinga er det trong for å ytterligare revidere framdrifta av planarbeid i gjeldande planstrategi. Det har i mindre grad noko føre seg å starte opp eigne planarbeid no, i tillegg vil det førebuande arbeidet med felles planstrategi for dei to fylka krevje ressursar.  

I gjeldande planstrategi vil dette ha konsekvensar for;   

  • Regional plan for arealbruk. Eventuelt oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert. Arbeidet med revisjon av Regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter vert starta opp hausten 2018.
  • Regional plan for folkehelse. Eventuell oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert.

Sjå sak 29/18 i Fylkestinget for meir informasjon

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Synnøve Stalheim
Plansjef 
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13

Relaterte lenker