Foto av Fylkeshuset sett frå parkeringsplassen under huset. I toppen av bilete ser vi grønt lauv og blå himmel. Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Regional planstrategi 2016-2020 – Offentleg høyring

Fylkesutvalet (FU) vedtok 2. mars å legge regional planstrategi (RPS) for 2016-2020 ut på høyring. Planstrategien legg langsiktige utviklingsmål i fylket og føringar for regional planlegging.

Framlegget til planstrategi for 2016-2020 er arbeida fram gjennom ei brei drøfting med kommunar, regionråd, lag og organisasjonar, engasjert ungdom og dei  regionale aktørane med fleire.

I arbeidet har ein kome fram til fem overordna utfordringar:

  • Globalisering og sentralisering

  • Migrasjon og integrering

  • Kvinner, utdanning og arbeidsmarknad

  • Utvikling av kunnskapssamfunnet

  • Klimaendringar og behov for klimaomstilling

Nokre viktige drøftingar som FU ynskjer i høyringa

  • Er det behov for at fylket tilpassar seg dei globale og nasjonale trendane med sentralisering, gjennom å jobbe målretta for å få til sjølvdrivande regionforstørring i Sunnfjord og rundt Sogndal?
  • Kva for strategiar treng vi for å løyse ut potensialet for vekst og utvikling i alle deler av fylket?
  • Korleis kan vi jobbe målretta med attraktivitet og mangfald i arbeidsplassar for alle, også slik at vi får fleire høgt utdanna kvinner i fylket?
  • Korleis kan vi styrke samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor for få fram tiltak som inkluderer innvandrarar enno betre?
  • Korleis kan vi saman vidareutvikle forsking og utvikling (FOU) og næringslivet for å styrke verdiskapinga?
  • Korleis kan vi tilpasse oss det grøne skifte og kva vil klimaomstilling innebere for oss?

Vi ynskjer innspel på om framlegg til nye regionale planar og/eller interkommunale planar svarar på utfordringane. Er dette dei riktige prioriteringane av planarbeid i perioden? Vi ynskjer og tilbakemelding om korleis vi kan arbeide saman for heilskapleg samfunnsutvikling. Dette siste ynskjer vi serleg at regional stat og regionale aktørar gjev innspel på.

Vi ynskjer at innspel og fråsegner til Regional planstrategi er så konkret som mogeleg.

Fråsegner og innspel kan sendast elektronisk til post@sfj.no eller i post til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger innan 28. april.

Det er arbeida fram eit omfattande kunnskapsgrunnlag for RPS med utgangspunkt i hovudutfordringane som er vedlegg til planstrategien. Det er i tillegg utarbeida eit vedlegg som omhandlar korleis vi svarar på dei nasjonale forventningane og eit vedlegg som er ei evaluering av gjeldande regionale planar og strategiar.

 

Dokument:

Regional planstrategi 2016-2020 – Utkast til høyring 18.02.2016

Kunnskapsgrunnlag og utfordringar med lenke til helseovervakinga

Evaluering av gjeldande planar og strategiar

Nasjonale forventningar – korleis svarar fylket op forventningane?

Saksutgreiing – Framlegg til Regional planstrategi 2016-2020 – utlegging på offentleg høyring

Vedtaksprotokoll – Framlegg til Regional planstrategi 2016-2020 – utlegging på offentleg høyring

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette