Vindmøller på Stad. Foto: Kirsti Horne/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Vindmøller på Stad. Foto: Kirsti Horne/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Regional plan for vindkraft

Regional plan for vindkraft vart vedteken av fylkestinget 8. juni 2011. Planen skal leggje til rette for etablering vindkraftanlegg med ein samla årleg produksjon på 3 TWh, innan år 2025.

Planen inneheld vurderingar kring kva område på kysten av Sogn og Fjordane som eignar seg for vindkraftsatsing. I område med gode vindressursar er det mellom anna vurdert kor stort potensialet for konflikt er mellom etablering av vindkraftanlegg og eit utval andre arealinteresser. Ein har delt inn i område med lite, middels eller stort samla konfliktpotensial.

Primært ynskjer fylkeskommunen at område med lite eller middels samla konfliktpotensial er dei som vert vurderte for vindkraftutbygging. Innanfor område med lite eller middels konfliktpotensial er det meir enn nok areal til å kunne oppfylle produksjonsmålet, på 3 TWh/år.

I den politiske del av planen (i kap. 4) er det gjeve retningsliner for vindkraftutbygging i Sogn og Fjordane. Retningslinene er som følgjer:

  1. Sogn og Fjordane skal leggje til rette for vindkraftanlegg med ein samla kapasitet på ca. 1000 MW (svarar til ca. 3 TWh i årsproduksjon), innan år 2025.
  2. Utbygging av vindkraftanlegg skal vurderast i område med lite og middels konfliktpotensial.
  3. Vindkraftanlegg som ligg i område med stort konfliktpotensiale vert i utgangspunktet ikkje prioritert, men kan likevel verte vurdert som utbyggingsaktuelle dersom avbøtande tiltak er tilfredstillande, og dersom lokale styresmakter har positiv tilråding.
  4. Samlokalisering med industriutbygging, og liknande, skal telje positivt ved vurdering av vindkraftprosjekt.
  5. Lokalisering av vindkraftanlegg bør skje på ein måte som minimaliserer behov for ny infrastruktur utanfor anlegga (kraftleidningar, veg, transformatorstasjonar, mv.).
  6. Kommunane bør utforme kommuneplanar som er i tråd med desse retningslinene.
  7. Fylkeskommunen rår til at tiltakshavar i samband med konsekvensutgreiinga gjer eit forsvarleg arbeid med å kartlegge potensialet for funn av kulturminne, jfr.  §9 Lov om kulturminne.
  8. Retningslinene gjeld ikkje anlegg som allereie har fått konsesjon eller som fylkeskommunen allereie har gjeve endeleg uttale til.

Planen er utarbeidd i samsvar med Plan- og bygningslova, kapittel 8. Det vil m.a. seie at framlegg til plan har lege ut til offentleg ettersyn (sommaren/hausten 2010). Det kom inn over 40 høyringsfråsegner. Nokre av desse er teke omsyn til, heilt eller delvis, medan andre har ikkje fått innverknad på vedteken plan.

Les den vedtekne planen

Les møteprotokoll frå fylkestinget si handsaming av planen
Les brev frå Miljøverndepartementet
Les samandrag av høyringsfråsegnene, m/tilbakemelding
Les alle høyringsfråsegnene (i “fulltekst”)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette