www.eid.vgs.no

Sogn  og Fjordane fylkeskommune

Foto: Barn på biblioteket: Lene Neverdal. Vindhellavegen: Åsne Helleve. Konsert Lena Skjerdal: Birthe Johanne Finstad. Skulpturar: Birthe Johanne Finstad. DKS-konsert: David Zadig. Kvernsteinsparken: Lars Opstad

Regional plan for kultur

Regional plan for kultur for Sogn og Fjordane 2019-2022 er forankra i Regional planstrategi. Strategien er førande for arbeidet med den regionale planlegginga i perioden – ein plan for planane.

Arbeidet med regional plan for kultur vert gjennomført i tråd med reglane i plan- og bygningslova. Kommunar, organisasjonar og institusjonar vert inviterte til å delta i planprosessen.

Arbeidet starta opp med Arbeidsdokument 1/17 til planutvalet 3. mai 2017. Målet er å få vedteke planen hausten 2018. Planen skal gjelde for perioden 2019-2022.

Regional plan for kultur vart sendt på høyring 31. mai 2018. Høyringsutkastet finn du her (pdf). Fristen for å kome med innspel er 1. september 2018. Her kan du gå rett til innsending av høyringsfråsegn.

Planprogram

Fylkesutvalet vedtok planprogrammet for regional plan for kultur 23. januar 2018. Planprogrammet er ein plan for det vidare arbeidet med regional plan for kultur, med framlegg til mål, plantema, organisering og framdrift. 

Planprogram for regional plan for kultur

Planprogrammet var ute på høyring før det vart vedteke, og du finn ei oppsummering av høyringsuttalane her.

Den politiske saka – Regional plan for kultur - planprogram, som fylkesutvalet behandla 23. januar kan du lese her.

Medverknad

I løpet av planprosessen vert det gjennomført dialogmøte med partnarskapen (kommunane, organisasjonane, insitutsjonane, private aktørar), det vert høyringar og høve til direkte innspel til planarbeidet. Vi ønskjer engasjement rundt planarbeidet!

23. august 2017 arrangerte vi dialogmøte på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde. Møtet var ope for alle.

Innspelsmøte til kulturmeldinga

Regjeringa arbeider med ny kulturmelding, og 17. januar 2018 arrangerte Kulturdepartementet og fylkeskommunen eit regionalt innspelsmøte til arbeidet. Temaet er nært knytt til arbeidet med regional plan for kultur, og vi har difor lagt ut presentasjonane frå møtet her:

Dokument:

Kontaktperson

Siri Ingvaldsen 
fylkesbiblioteksjef
siri.ingvaldsen@sfj.no
57 63 79 58
907 89 828

Siri Ingvaldsen

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker