Sluttscenen i Skjønnhete og udyret

Publikumssuksess

Skjønnheten og udyret vart ein stor publikumssuksess med 936 solgte billettar. Elevane gjorde ein stålande innsats og rørte mange hjerter.

Billettsalet er det beste på 5 år! Både små og store koste seg med dette flotte Disney-eventyret. Michael Pavelich og Candice Bredesen har jobba kjempegodt med elevane og gjort at dei får skinne på scena. Kulissene og rekvisitene var det Geir Hjelle som laga saman med elevar frå tip og design og lys og bilete var det Ovar Holmen som var ansvarleg for. Lyden vart styrt av Eirik Andreassen, mens Gislaug Heinum styrte alt som inspisient. Kostymene var leigd av UL Fram og Opera Nordfjord og vart tilpassa av Anne Regine Sønderland. Saman gjorde det kunstneriske teamet og alle bak scena ein fantastisk jobb.

Men dei som verkeleg gjorde ein fantastisk innsats var elevane! 24 flotte elevar frå design og handverk, elektro og studiespesialiserande gjorde ein profesjonell jobb og verkeleg fekk fram dei ulike rollene. Sangprestasjonane var heilt i toppklassen og dei store dansenumra var godt koreograferte og imponerande. Dette var ei oppleving for livet for elevane.

 

Bilete er teke av Inger Træen, Fjordabladet.

Tips ein ven Skriv ut