Foto av studentar ved NTNU som er samla rundt små bord i eit stort rom for å høyre besøket frå driftig,no fortelje om entreprenørskapsmoglegheiter i Sogn og Fjordane. På ei lita scene er det ein stor sofa, der det sit to personar. Det står to menn ved sidan av sofaen og snakkar.

Mange entreprenørskapsstudentar var møtte fram for å få med seg blant andre Kristoffer Aase og Håkon Vikøren fortelje om erfaringane sine med Verdas Beste Sommarjobb.

Promoterte Sogn og Fjordane på NTNU

To NTNU-studentar var seks veker i Sogn og Fjordane i sommar, då dei fekk Verdas Beste Sommarjobb. Sist veke var Ingvild Andersen i driftig.no i Trondheim for å lokke fleire studentar til fylket.

– Fleire har sagt til meg at Sogn og Fjordane er landets best bevarte hemmelegheit. Det skjer så mykje spennande her, men det er få som veit om det. Då har vi ein jobb å gjere. Om vi vil at fleire unge skal busetje seg i fylket, må vi opplyse dei om kvifor det er så bra her. Og vi må jobbe mot både ungdom som har flytta ut og potensielle nytilflyttarar, seier Ingvild Andersen, redaksjonsleiar i driftig.no og rådgjevar i nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Ho tok med seg sentrale aktørar i fylket til Trondheim for å vise studentar og potensielle gründerar korleis Sogn og Fjordane kan hjelpe dei opp og fram.

Verdas beste sommarjobb

Bakgrunnen for besøket til NTNU var prosjektet Verdas Beste Sommarjobb (VBS). Håkon Vikøren og Kristoffer Aase, studentar ved entreprenørskapsskulen på NTNU, vann draumejobben og fekk sjansen til å utvikle forretningsideen frå eit innovativt miljø i Førde seks veker i sommar.

Målet med VBS og besøket på NTNU var å vise at Sogn og Fjordane har eit velorganisert apparat som kan hjelpe fram kreative, unge folk som har lyst til å satse. På entreprenørskapsskulen møtte Sogn og Fjordane-delegasjonen nyskapande og kreative avgangsstudentar.

Inkubatorar og bedriftsetablering

Aksello i Florø og Kunnskapsparken i Sogndal presenterte korleis dei hjelper bedrifter opp og fram, og viste at det finst eit tilbod til alle som vil starte eller vidareutvikle ein idé i Sogn og Fjordane.

Halvor Gregusson, dagleg leiar i gründerbedrifta nLink og tidlegare entreprenørskapsstudent ved NTNU, fortalte studentane om reisa si frå NTNU til Sogndal. Bedrifta er eit godt døme på at det går an, og at det til og med kan vere ein fordel, å etablere ei nyskapande vekstbedrift i distriktet. Gregusson peikte mellom anna på kor viktig det er å finne gode team-medlemmar. Eit gründerteam må forvente å jobbe tett på kvarandre over mange år, og då er det ein fordel å gå godt overeins.

Eit anna poeng fleire trekte fram som viktig var det transparente samfunnet på mindre plassar. Det er raskare og enklare å kome i kontakt med nøkkelpersonar, noko som kan ha mykje å seie for utviklingsfarten til ei bedrift.

Salskurs og mingling

Før økta vart avslutta med felles lunsj og mingling, fekk studentane eit lynkurs i sal av Atle Jarl Trettevik frå Norsk Selgaropplæring. Han hjelpte også Håkon og Kristoffer med å førebu seg til eit kundemøte i sommar. Trettevik poengterte blant anna at det du gjorde i går, var kanskje glimrande – i går!

– Dette var ein litt annleis måte å vise fram Sogn og Fjordane på, men Kunnskapsparken har vist at det har fungert før. Det var nemleg slik Halvor Gregusson frå nLink vart rekruttert til fylket då han kom. No er det bare å håpe på at det vi sa veks på studentane og at jungeltelegrafen gjer sitt, avsluttar Andersen i driftig.no.

Du kan lese meir om Verdas Beste Sommarjobb og opplevingane til Håkon og Kristoffer på driftig.no/blogg.

For meir informasjon

Ingvild Andersen
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Driftig.no besøkte i oktober 2017 Entreprenørskapsskulen ved NTNU for å lokke fleire studentar til å kome til Sogn og Fjordane for å etablere bedrift. Her er det Kristoffer Aase og Håkon Vikøren, som hadde Verdens Beste Sommarjobb i Sogn og Fjordane i 2017, som fortel studentane om opphaldet sitt i fylket.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven