Portrettfoto av alle politikarane i fylkestinget 2015–19. Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Politisk leiing

Folket i Sogn og Fjordane styrer fylkeskommunen ved å velje representantar til fylkestinget. Fylkestinget vel så fylkesordførar, fylkesvaraordførar og fylkesutval og avgjer samansetjinga av hovudutvala.

Fylkesordføraren

Fleirtalet i fylkestinget (partia i posisjon) vel ein fylkesordførar, som er møteleiar for møta i fylkestinget og fylkesutvalet. Fylkesordføraren er den fremste politiske og rettslege representanten for fylkeskommunen og er den som til vanleg representerer fylkeskommunen. Fylkesordføraren leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet. Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Åshild Kjelsnes (Ap) er fylkesvaraordførar.

Fylkestinget

Fylkestinget er det øvste organet i fylkeskommunen og har som regel fire møte i året. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har 31 representantar frå åtte politiske parti. Representantane vert valde for fire år. 

Fylkesutvalet

Fylkesutvalet tilsvarer formannskapet i kommunen. Det tek avgjersler i saker det har tildelt mynde til eller kjem med innstillingar til fylkestinget. Fylkesutvalet har møte omlag ein gong i månaden. 

Hovudutvala 

Fylkeskommunen har tre hovudutval som har ansvar for kvar sine sektorar: samferdsle, opplæring og næring og kultur. Hovudutvala tek avgjersler i saker dei har tildelt mynde i, eller dei kjem med innstillingar til fylkesutvalet og fylkestinget. 

Styrevervregisteret

KS (Kommunesektorens organsisasjon) har oppretta eit styrevervregister. Der kan du søkje på personar i kommunal sektor, og sjå kva rollar dei har som folkevalde, tilsette, styreleiarar, styremedlemmar og eventuelle andre næringsinteresser. 

Søk i styrevervregisteret.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713