www.eid.vgs.no

Planlegging

Samferdsleavdelinga har ansvaret for overordna planlegging innan samferdsleområdet.

Regional transportplan vart utarbeidd og vedteke første gong av fylkestinget i desember 2013. Denne planen skal reviderast kvart fjerde år. Arbeidet med revisjon av Regional transportplan vil starte opp i 2016 og leggast fram for politisk godkjenning desember 2017.

Nasjonale planar på høyring

Fylkeskommunen er høyringsinstans på nasjonale plandokument som til dømes Nasjonal transportplan (NTP). Denne transportplanen vert også revidert kvart fjerde år. Gjeldande NTP gjeld for perioden 2014-23. Arbeidet med neste NTP er sett i gang og er venta å kome på høyring i løpet av 2016. Samferdsleavdelinga førebur høyringssak til fylkestinget på nasjonale planar innan samferdsleområdet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker