www.eid.vgs.no

Bruk av bilete

Skulen treng gode bilete for å fortelje om aktiviteten og tilboda sine. Vi ynskjer også å nytte bilete der ein kan kjenne att elevar. Då må vi ha eleven sitt samtykke.

Skulen og Sogn og Fjordane fylkeskommune som skuleeigar vil gjerne nytte bilete frå skulen sin aktivitet til nett og trykksaker. Eleven må gje sitt samtykke til å nytte bilete der personen kan kjennast att.

Når eleven er over 15 år, kan han sjølv gje samtykke til bruk av bilete. Fylkeskommunen og skulen skal alltid vurdere om det er etisk rett å bruke biletet, og følgjer personopplysningslova og åndsverklova ved publisering. Bilete som vert nytta skal vere tekne i skulesamanheng.

Skjema: Samtykkeerklæring for publisering av bilete

Tips ein ven Skriv ut

Dokument