Eid vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Personopplysningar

Bruk av personopplysingar og bilete

Personvern

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk i mai 2018 ei ny personvernerklæring som gjeld for alle nettstadane til fylkeskommunen, som sfj.no og nettstadane til dei vidaregåande skulane.

Personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande på våre nettstadar. Les personvernerklæringa her

Bruk av bilete

Skulen treng gode bilete for å fortelje om aktiviteten og tilboda sine. Vi ynskjer også å nytte bilete der ein kan kjenne att elevar. Då må vi ha eleven sitt samtykke.

Skulen og Sogn og Fjordane fylkeskommune som skuleeigar vil gjerne nytte bilete frå skulen sin aktivitet til nett og trykksaker. Eleven må gje sitt samtykke til å nytte bilete der personen kan kjennast att.

Når eleven er over 15 år, kan han sjølv gje samtykke til bruk av bilete. Fylkeskommunen og skulen skal alltid vurdere om det er etisk rett å bruke biletet, og følgjer personopplysningslova og åndsverklova ved publisering. Bilete som vert nytta skal vere tekne i skulesamanheng.

Skjema: Samtykkeerklæring for publisering av bilete

Tips ein ven Skriv ut