Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Påbygging til generell studiekompetanse
Elevar på påbygg

Elevar på påbygg

Påbygging til generell studiekompetanse

Påbygging til generell studiekompetanse gir moglegheit til vidare studium ved dei fleste høgskular og universitet. Til visse studiar er det spesielle opptakskrav, og ofte er kravet fordjuping i matematikk og/eller andre realfag. 

Inntakskrav Vg3

  • Vg1 og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram
  • Vg1 i eit studeførebuande utdanningsprogram og Vg1 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram(kryssløp)

Fellesfag (701 timar/år)

Årstimar Fag Timar i veka
140 timar Historie 5 timar
140 timar Matematikk praktisk 5 timar
84 timar Naturfag 5 timar
56 timar Kroppsøving 2 timar
281 timar Norsk 10 timar
140 timar Programfag frå studiespesialiserande 5 timar

           

NB!

Har du brukt timar frå prosjekt til fordjuping på Vg1 og/eller Vg2, må du erstatte desse timane med tilsvarande timar i eit programfag frå studiespesialiserande utdanningsprogram.

Har du avslutta naturfag og hatt 140 timar matematikk på kryssløpet Vg1 studie og Vg2 yrkesfag må du bruke 140 timar på eit programfag frå studie eller yrkesfagleg utdanningsprogram (5 timar i veka)

 

Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse

Etter oppnådd yrkeskompetanse

Inntakskrav Vg4

  • Oppnådd yrkeskompetanse med fag- og sveinebrev
  • Oppnådd yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev

Fellesfag (645 timar/år)

Årstimar Fag Timar i veka
140 timar Historie 5 timar
140 timar Matematikk praktisk 5 timar
84 timar Naturfag 5 timar
281 timar Norsk 10 timar

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ottar Bjørkedal
415 30 953

ottar.bjorkedal@sfj.no