Foto av elleve personar i eit klasserom med kvite veggar og kvite pultar.

Lars Hustveit (fremst til høgre) og Ingvild Andersen (nr. 2 frå venstre) deltok på studieturen til Kroatia på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

P-IRIS såg nærare på rurale innovasjonssystem

Deltakarar frå det internasjonale nettverksprosjektet P-IRIS besøkte universitet og utviklingsselskap i fjellregionen Primorje og Gorski kotar i Kroatia på ein studietur 12.–13.desember.

Sogn og Fjordane fylkeskommune leiar P-IRIS-prosjektet, og Ingvild Andersen og Lars Hustveit deltok på studieturen til Kroatia. Prosjektet har som mål å betre innovasjonssystemet i distrikt gjennom nettverksarbeid.Invitasjonen til Kroatia kom frå den kroatiske partnaren i prosjektet, det lokale utviklingsselskapet for Skrad, PINS.

Korleis drive innovasjonsprosess

I Kroatia var tema kva verkemiddel som kan få fart på ein innovasjonsprosess. Gruppa gjennomførte også to sesjonar med arbeidsgrupper, der ein omhandla kunnskapsdeling i nettverk og ein omhandla involvering av interessentgruppa.

Partnarane i prosjektet er frå Kroatia, Finland, Italia, Spania, Slovenia og Noreg. Under besøket i Kroatia var gruppa ein dag i området rundt kystbyen Rijeka, der dei besøkte universitetet i byen. Mange gode initiativ blei presenterte, blant anna eit program for arbeidspraksis for studentar og eit prosjekt for utbygging av rask internett. Det blei også ein tur til teknologioverføringskontoret (TTO). Dei fortalte om investeringa i ei superdatamaskin som kan teste og simulere ei stor mengde øvingar. På den måten kan bedrifter med forskings- eller utviklingsprosjekt spare store kostnader.

Distrikta må vere attraktive

Dag to flytta gruppa seg opp i fjella, der dei besøkte kontora til de kroatiske partnaren, PINS. Dit kom også Marijan Kavran, leiar for eit nettverk for trevareindustri, og Vjeran Piršić som presenterte teoriar om kva som må til for å byggje gode nettverk. Sistnemnte argumenterte for at lokale aktørar må ha med seg innbyggjarane for å få til utvikling i distrikta. Innbyggjarar som har valt å busette seg utanfor sentrale strøk, har valt det av ein grunn, og dei ser verdiar som kan byggjast vidare på og som mest sannsynleg vil appellere til fleire. Viktigheita av offentleg tilbod som barnehagar og skuler blei også poengtert, og at dette bør vere mykje betre enn i byane.

Prosjektet P-IRIS varer i 4,5 år. Sidan starten 1. januar 2017 har mykje av arbeidet gått ut på å kartlegge regionale situasjonar hjå partnarane, både for å forstå konteksten deira og for å avdekke gode praksisar. Neste studietur blir i mai 2018. Da går turen til prosjektet sin finske partnar, fylkeskommunen i Sentral Ostrobothnia, og tema der vil vere informasjon- og kommunikasjonsteknologi.

Meir informasjon om P-IRIS-prosjektet

For meir informasjon

Ingvild Andersen
Prosjektleiar P-IRIS
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00