Brandangersundbrua i Gulen vert løfta på plass ved hjep av to store kraner. Foto: Arild Hanekamhaug/Statens vegvesen

Foto: Arild Hanekamhaug/Statens vegvesen

Organisering

Reiselivet i fylket vert organisert både på regionalt nivå, fylkesnivå og landsdelsnivå.

Gjennom verdiskapingsplanen bidreg partnarskapen tre ulike programgrupper; infrastrukturgruppa leia av fylkeskommunen, berekraftgruppa leia av Fylkesmannen og aktørprogrammet leia av Innovasjon Norge. 

Destinasjonsselskapa

Reiselivsbedriftene i Sogn og Fjordane er organisert gjennom medlemskap i regionvise destinasjonsselskap. Destinasjonsselskapa driv produktutvikling og marknadsføring av reiselivet etter følgjande regioninndeling: Visit Sognefjord, Visit Fjordkysten, Sunnfjord Næringsutvikling og Reisemål Stryn og Nordfjord.

Fjord Norge

Den internasjonale marknadsføringa vert i hovudsak organisert på landsdelsnivå gjennom Fjord Norge AS. Både enkeltbedrifter og destinasjonsselskap er medlemmar i Fjord Norge. Fylkeskommunen er finansieringspart og medeigar i Fjord Norge AS.

NCE Tourism

Norwegian Center of Expertise on Tourism (NCET) er Fjord Norge sin produktutviklarorganisasjon. Gjennom satsing på temabaserte opplevingar skal NCET bidra til at reiselivet på Vestlandet vert verdsleiande på opplevingsturisme.

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge driv rådgiving og finansiering ovanfor den enkelte reiselivsbedrift. Innovasjon Norge leiar også aktørprogrammet, som skal utvikle fleire reiselivsretta bedriftsnettverk i fylket. Hjå Innovasjon Norge er det mogeleg for bedrifter å søkje om støtte til miljøsertifisering av reiselivsbedrifter.

Fylkesmannen

Fylkesmannen sin landbruksavdelinga driv satsinga på gardsturisme, mat og berekraftig reiseliv. Landbruksavdelinga leiar også berekraftgruppa som skal vere pådrivaren og faggruppa i fylket på vegen mot eit meir berekraftig reiseliv. Miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen forvaltar spørsmål knytt til næringsutvikling i verneområde.

Fylkeskommunen

Fylkeskommunen legg premissane for den langsiktige reiselivssatsinga i fylket gjennom politisk styring og planlegging. I tillegg til å vere utviklingsaktør og å støtte andre organisasjonar og prosjekt, leiar fylkeskommunen infrastrukturgruppa. Infrastrukturgruppa skal vere pådrivar og faggruppe for vandresatsinga i fylket, samt at vere arena for samhandling.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00