Til venstre eit bilete av redningsskøyta Risør II. Til høgre eit bilete av Kinn kyrkje.

Foto: Rune Nylund Larsen (venstre), Sogn og Fjordane fylkeskommune

Opning av Kystpilegrimsleia i Sogn og Fjordane på Kinn

Opningseglasen for den nye, nasjonale pilegrimsleia frå Egersund til Trondheim legg innom Florø og Kinn. Laurdag 16. juni vert opninga av leia markert av fylkesordføraren.

Kystpilegrimsleia er no godkjent som ein nasjonal pilegrimsveg og ein av St. Olavsvegane til Trondheim. Leia har også fått status som Europeisk kulturveg. Frå 1. til 24. juni skal redningsskøyta Risør II segle frå Egersund til Trondheim og offisielt markere opninga av leia.

Som del av opningseglasen vert det fylkesvise markeringar undervegs. I Sogn og Fjordane vert markeringa på Kinn laurdag 16. juni i samband med den andre framsyninga av Kinnaspelet, klokka 16:30. Då vil fylkesordførar Jenny Følling stå for den offisielle opninga av Kystpilegrimsleia i Sogn og Fjordane.

Risør II vil ligge ved hamn i Florø frå fredag 15. juni til sundag 17.juni. Dette er «Himmel og hav»–helga i Flora, med mellom anna sildebord og markering av laksens dag.

Fem fylke bak prosjektet

– Dette er ei annleis pilegrimsreise og noko heilt nytt i norsk samanheng, seier fylkeskonservator Eva Moberg i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– I innlandet vandrar du langs landevegen, på kysten er det sjøvegen som fører deg fram. Det å leggje ut på ei pilegrimsreise, borte frå kvardagen, innbyr til både refleksjon og nye opplevingar. Vi er stolte over å kunne syne fram kysten og  kulturminna våre i ein heilt ny samanheng.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore med og utvikla Kystpilegrimsleia saman med dei andre fylkeskommunane langs leia (Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag) og bispedøma Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros.

Prosjektet har vore finansiert av Riksantikvaren og dei fem fylkeskommunane. Kyrkja har bidrege aktivt med kompetanse.

Historisk lei

Kystpilegrimsleia har historisk vore ein av dei viktigaste og mest brukte ferdselsvegane til Nidaros. Pilegrimane føretrekte denne ruta, då ho var raskare og mindre farefull enn vegane over land. Eit av dei viktigaste og kanskje mest kjente pilegrimsmåla langs kysten  var øya Selja ved Stad. Selja ligg midt i seglingsleia mellom Trondheim og Bergen.

Arbeidet med å etablere ei reiserute i kystpilegrimane sitt farvatn starta i 2012. Målet med arbeidet har vore å fremje kunnskap om pilegrimstradisjonane, formidle kulturarv, skape nettverk og utvikle eit reiselivsprodukt for moderne pilegrimar.

Mange turmål

Leia startar i Egersund og følgjer kysten til Trondheim og Nidaros. Heilage stader og kulturminne ligg som perler på ei snor langs leia. Her finn du kyrkjer, kloster, tingstader, kongsstader, handelstader, steinkrossar og mange andre kulturminne som fortel  ei viktig historie om kystkultur, levekår og kristninga av landet vårt.

Langs leia er det plukka ut 26 nøkkelstader som er vel verdt eit besøk. Du kan reise på eige initiativ, heile turen eller dele den opp i etappar. Forslag til etappar finn du på www.pilegrimsleden.no. Her ligg det også forslag til etappar som eignar seg godt for vandring. 

Du kan også gratis laste ned mobilappen Aispot og finne informasjon om Kystpilegrimsleia der. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven