Omstilling

Fylkeskommunen har ansvaret for å peike ut omstillingsområde og gi løyvingar til kommunar og område med ekstraordinære omstillingsutfordringar.

Kravet er at kommunen eller området må ha utfordringar utover det dei aller fleste distriktskommunar slit med. Storleiken på løyvingane er ulik år for år, og avhengig av løyvingar over statsbudsjettet.

Aktuelle område

  • Område som har hatt eller har utsikter til store tap av arbeidsplassar i næringar som er avgjerande for den økonomiske utviklinga
  • Område med særskilde og langsiktige problem i samband med omstrukturering i næringslivet

I ei totalvurdering av situasjonen kan det leggjast vekt på demografisk utvikling, reduksjon i den indirekte sysselsettinga, arbeidsløyse og situasjonen i heile arbeidsmarknadsregionen.

Det blir teke omsyn til utviklinga dei siste tre åra og til pårekna nedgang i sysselsetting framover.

Søknad og retningslinjer

Omstillingsområde vert utpeikt i februar kvart år av hovudutval for næring og kultur (HNK). I førekant må kommunane eller områda ha dokumentert at dei har ekstraordinære omstillingsutfordringar, jamfør retningslinjene.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lars Hustveit
Fagkoordinator
Lars.Hustveit@sfj.no
415 30 972

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven