www.eid.vgs.no

Bilete tatt nedanfrå og opp. Fem tårn med trapp mellom. Foto: Anne Lise Norheim/Halliburton

Foto: Anne Lise Norheim/Halliburton

Olje og gass

Ein stor del av petroleumsproduksjonen i Noreg finn stad utanfor Sogn og Fjordane.

Samanlikna med nabofylka er Sogn og Fjordane underrepresentert i olje- og gassnæringa, og det trengst innsats for å betre og å halde på posisjonen. Denne satsinga inngår i verdiskapingsplanen.

Fylkeskommunen tek gjennom petroleumsrådet ansvar for politisk påverknadsarbeid, mens Maritim foreining Sogn og Fjordane har ansvar for å utvikle leverandørnettverket.

Petroleumsrådet er oppretta av fylkestinget og har eit hovudansvar for olje og gass i fylket. Rådet er leia av fylkesordføraren.

Fjord base har ein sentral plass i petroleumsnæringa i Sogn og Fjordane. Lutelandet Offshore posisjonerer seg for rivingsoppdrag. Også i Gulen er det omfattande petroleumsrelatert verksemd.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Audun Erik Sunde
Seniorrådgjevar
audun.erik.sunde@sfj.no
916 45 874

Relaterte lenker