Frukostmøte på Nordfjord Hotell

Frukostmøte på Nordfjord Hotell

Økonomi og leiing til frukost

Torsdag 7. september deltok elevane som tek programfaget økonomi og leiing på frukostmøte på Nordfjord Hotell. Der fekk vi høyre om tre viktige samferdselsprosjekt i Nordfjordregionen, Nordfjordbrua Anda-Lote, nytt ferjetilbod Anda-Lote frå 1.1.18 og om Stad skipstunnel.

Galleri

21534231_1517128138380995_1813567199_o
21441561_1517128151714327_643851936_o
21458690_1517128395047636_1056038181_o

Nordfjordbrua

Kristine Dahl starta med å gje ein status i høve framdrift for Nordfjordbrua. Ho fortalde og om  det viktige Stortingsvedtaket knytt til ferjeavløysingsmidlar.

Planprosessen knytt til Nordfjordbrua er i god gang, og ein forventar eit vedtak i den interkommunale kommunedelplanen mellom Eid/Gloppen no i haust.

Ny flytebru-teknologi styrker høve for realisering gjennom å kunne vere eit perfekt pilotprosjekt.

Finansieringsgrunnlaget for brua har auka med 800 millionar etter at ein no kan få behalde ferjeavløysingsmidlar i 40 år. Med nye finansieringsordningar og bruk av ny teknologi som gjev lågare investeringskostnadar, kan det sjå ut som ein no kan finansiere ein tilsvarande sum i bruinvestering som ein vil ha som kostnadar til drift av ferje over 40 år. I tillegg er det vorte mogleg å utvide bompengefinansieringa, som tidlegare har vore fastsett til 15 år.

Nye hybridferjer Anda-Lote

Christine Hammersvik frå Fjord1 presenterte det nye ferjetilbodet som kjem på sambandet Anda-Lote frå 1.1.18.

2 nye Hybridferjer,  MF Eidsfjord og MF Gloppefjord, vil då vere klart på ferjesambandet. Begge ferjene er under bygging på Tersan Shipyard i Istanbul. Når dei nye ferjene kjem i rute på ferjesambandet i januar, vil det verte hyppigare avgangar på ferjestrekninga og i praksis vil ein få ei dobling av ferjekapasiteten.

Billetteringa vil etter kvart skje gjennom autopass og det vert kun billettering av bil, slik det er på ferjesambandet Mannheller – Fodnes.

Stad skipstunnel

Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal presenterte status for Stad-skipstunnel og gav informasjon om dei store utfordringane skipstrafikken kan møte når dei skal passerar Stad. Han fortalde om komplekse vêrforhold som kan gje svært høge og uforutsette bølgjer og dermed kritiske situasjonar for fartøy som skal passere Stad.

Prosjektet med Stad skipstunnel kom inn på kom på den ny Nasjonaltransportplanen i år og ligg inne med finansiering allereie i første periode i planen med byggestart seinast i 2021. Nye NTP gjelde frå 2018 til 2029. Byggeperioden er venta å ta 3-4 år, og tunnelen vert verda sin første skipstunnel.

Elevar og lærar var godt fornøgde med møte, spennande og kjekt med oppdatering og ny kunnskap.

Kari-Lise Bjørke – faglærar 

Tips ein ven Skriv ut